Kyrkjelydspedagog i Haram

Haram Kyrkjelege Fellesrad

  • Brattvåg, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Om stillingaDet er ledig 100% fast stilling som kyrkjelydspedagog i Haram kyrkjelege fellesråd.I Haram er det 6 kyrkjer og 5 sokn. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyer; Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. På fastlandet ligg tettstadane Vatne, Brattvåg og Søvik. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 40 km frå Moa, 50 km frå Ålesund og 50 km frå Vigra flyplass.Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar og er ei av dei store industrikommunane på Sunnmøre. Her er eit rikt idretts- og kulturliv med stor aktivitet innan m.a kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur gir mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.Kyrkjestaben i Haram har 3 prestar, 2 organistar, kyrkjelydspedagog, diakon og kateket.Vår kyrkjelydspedagog dreg til Japan som misjonær , og det blir derfor ledig ei 100% stilling som kyrkjelydspedagog med oppstart 1.august eller etter nærmere avtale.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:20.05.2024Arbeidsgivar:Haram Kyrkjelege FellesrådStad:BRATTVÅGStillingstittel:Kyrkjelydspedagog i HaramStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4798305098Sosial deling :ArbeidsoppgaverAdministrere, planlegge og gjennomføre trusopplæringstiltak for born og unge etter oppsett plan, samt ha ansvar for rapportering
Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der born, unge og familier er målgruppa
Planlegge og gjennomføre enkelttiltak saman med tilsette og frivillige medarbeidarar
Delta i konfirmantarbeidet
Følge opp, inspirere og motivere frivillige medarbeidararKvalifikasjonerMinimum 3-årig høgare utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk
Relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning. Vi kan vurdere støtte til auka kompetanse innan trusopplæring
Erfaring frå arbeid med born og unge
Kan bruke dataverktøy som arbeidsredskap
Medlem i Den norske kyrkjaPersonlige egenskaperEvne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Likar å arbeide i team og samarbeide godt med andre
Har ei kreativ og fleksibel tilnærming til ulike formidlingsformer
Trivst i lag med, og har evne til å formidle kristen tru til born og unge
Raus og inkluderande.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.AnnaFor å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynsamfunn §20.Vi tilbyr
For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Moglegheit til å drøfte stillingsprosent.
Søknadsfrist 20.mai 2024
Tiltreding 1.august eller etter avtale
Kontakt: Kyrkjeverge Jarle Løken 975 49 559Adresse: Årsundvegen 11, 6270 BRATTVÅG, NorgeKontaktinformasjonJarle LøkenKyrkjevergeOm arbeidsgivaren

Haram Kyrkjelege Fellesrad