InteraksjonsdesignerVil du vere med og skape betre digitale møte mellom innbyggjarar, kommunar og statsforvaltarane, samt skape ein enklare arbeidskvardag for dei tilsette?Om stillingenVi søkjer ein erfaren interaksjonsdesignar til Digitaliseringsavdelinga i Statsforvaltarens fellestenester (STAF). Ved særleg gode søkjarar kan det vere aktuelt med fleire tilsetjingar. Arbeidsstad er Bergen eller Leikanger.Digitaliseringsavdelinga utviklar digitale fellesløysingar for dei 10 statsforvaltarane i landet. Som interaksjonsdesignar får du ei sentral rolle i å omsette brukarane sine behov til intuitive og universelt utforma digitale tenester. Du vil jobbe tett med fleire utviklingsteam og saman med andre fagmiljø i STAF og statsforvaltarane for å levere gode digitale løysingar til dei ti statsforvaltarembeta.Hos oss vert du del av eit utviklingsorientert og inkluderande miljø. Det er låg terskel for å dele tankar og idear og du vil få stor påverknad i vidareutviklinga av tenestene våre.Digitaliseringsavdelinga er samansett av fleire fagdisiplinar, med utviklarar, skjemabyggarar, prosjektleiarar og tenestedesign som hovudområder.ArbeidsoppgåverI denne rolla vil du mellom anna:
designe brukarvennlege og intuitive grensesnitt som møter faktiske brukarbehov
arbeide aktivt i vårt designsystem og bidra til å vidareutvikle designelement og retningslinjer
innhente, analysere og omsette brukarinnsikt og forretningskrav til konkrete løysingar
planleggje og gjennomføre workshops for deltakarar med tverrfagleg bakgrunn
utføre brukartesting, evalueringar og brukarundersøkingar
samarbeide tett med utviklarar
bidra til metodikk- og prosessutvikling
Andre oppgåver i avdelinga kan påreknast.KvalifikasjonarDu må ha:
minimum treårig høgare utdanning innan relevant fagområde. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
erfaring som interaksjonsdesignar
god kjennskap til UX-metodar og -verktøy
kunnskap om universell utforming (WCAG)
svært gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Det er ein fordel om du òg har:
dokumentert fagleg oppdatering, vidareutdanning eller sertifiseringar innan UX/design
ei portefølje som viser arbeid med brukarsentrert design
erfaring med prototypingsverktøy, gjerne Figma
erfaring frå smidige utviklingsprosessar
god teknologiforståing
kunnskap om offentlig forvaltning
Hvem vi søkerVi søker deg som:
trivst med samarbeid og bidreg aktivt i tverrfaglege team for å nå felles mål
evnar å forstå komplekse system og setje deg raskt inn i nye problemstillingar
er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
er kreativ, nysgjerrig, utviklingsorientert og motivert av kontinuerleg forbetring
For stilling som seniorrådgivar forventar vi òg at du tek initiativ til samarbeid, deler kunnskap og kan kvalitetssikre arbeid utført av andre.Personlege eigenskapar vert vektlagt.Vi tilbyr
interessante og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
eit sterkt fagmiljø og gode moglegheiter for kompetanseheving
eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med stor vilje til å skape noko saman
fleksibel arbeidskvardag, inkludert fleksitid og sommar-/vintertid
trening i arbeidstida
moglegheit for heimekontor
gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Stillinga er fast og i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Løn frå 692 400 til 865 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Det er seks månaders prøvetid.Vi meiner mangfald styrkjer oss og gjer oss betre i stand til å løyse samfunnsoppdraget vårt. Difor ønskjer vi søkjarar med ulik kompetanse, erfaring og bakgrunn. STAF har òg eigen livsfasepolitikk for å sikre gode arbeidsvilkår i ulike livssituasjonar.Vi oppfordrar deg til å krysse av i søknadsportalen om du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandringsbakgrunn.Informasjon til deg som søkerHvis du er interessert i å søke stillingen, ser vi frem til å motta din søknad.Registrer din søknad, CV og attester/vitnemål i vårt rekrutteringsverktøy Jobbnorge. Karakterer og vitnemål lastes opp fra vitnemålsportalen. Utenlandsk utdanning må være godkjent av HK-dir eller NOKUT.Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om deg som søker kan bli offentliggjort, selv om du ber om ikke å bli oppført på offentlig søkerliste. Du blir varslet dersom reservasjonen ikke blir imøtekommet, jf. Offentleglova § 25. Frem til søknadsfristen kan du ta kontakt med oss uten at navnet ditt blir registrert.Om ossStatsforvaltarens fellestenester (STAF) er ei verksemd som er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (frå 1. januar 2024). Hovudkontoret vårt ligg i Arendal, men våre 210 kollegaer jobbar på 17 kontorstader over heile landet.STAF utviklar og leverer digitale tenester som vert brukt av alle statsforvaltarar, av innbyggjarar og andre offentlege verksemder. Løysingane våre er smarte, brukarvenlege og effektive, og skal gi eit enklare møte med offentlege tenester.Vidare har vi ansvar for alt IKT-utstyr og alle IKT-tenester til statsforvaltarane. Informasjonstryggleik er i kjernen av alle våre tenester, og vi beskyttar samfunnskritisk infrastruktur.Vi utfører også andre oppgåver for statsforvaltarane gjennom å drifte arkiva deira, gjennomfører anskaffelsar og gir brukarstøtte for alle tenestene våre.