Etterforskar

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • kr 640.000-690.000 pr år
  • Fast
  • Fulltid
  • 9 dager siden
EtterforskarVil du bidra i politiet sitt arbeid med å avdekkje alvorleg kriminalitet på nett?Om stillingaØnskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av internettrelaterte saker? Vi har no ledig fast stilling som etterforskar ved avsnitt for etterforskning av internettrelaterte saker (IRS) ved Ålesund politistasjon, ved seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking.Vi søkjer deg som har god teknisk forståing, som kan analysere digitale beslag og bidra til å innhente og sikre både fysiske og digitale spor. Du vil bli ein del av eit tett og tverrfagleg avsnitt med både politi- og sivilt ansatte, der godt samarbeid står sentralt. Fagleg utvikling og læring har høgt fokus i avsnittet, og er avgjerande for å følgje med i både kriminalitetsutviklinga og den digitale utviklinga.Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. Arbeidet er krevjande fordi vi ofte jobbar med menneske i krise og det krevst at vi leverer arbeid av høg kvalitet for å ta vare på rettstryggleiken. I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.Ålesund og Sunnmøre byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Ålesund? Då vil vi gjerne høyre frå deg!Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing og søkjer medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarArbeidsoppgåver
  • etterforsking av straffesaker som gjeld internettrelaterte overgrep, herunder strl. §311--saker
  • utføre taktisk etterforsking i saker innan eige spesialfelt, utarbeide etterforskingsplaner i Indicia, gjennomføre avhøyr, hovedsakleg videoavhøyr
  • fungere som hovudetterforskar i sak
  • gjennomføre pågriping, ransaking og avhøyr
  • innhenting og gjennomgang av digitale bevis
  • krimvaktstjeneste kvar 6. helg
  • kompetansedeling og bidra til utvikling av avsnittet sitt fagområde
  • kan påleggast andre arbeidsoppgåver
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
  • fullført og bestått Politi(høg)skule ved tiltredning. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå
  • god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
  • kurs/utdanning innan digitale spor og/eller analyseverktøy
  • erfaring i bruk av analyseverktøy og relevante dataverktøy
  • relevant vidareutdanning innan etterforsking
  • erfaring frå politistilling, særleg erfaring frå etterforsking av seksuallovbrudd og alvorlege voldssaker er ønskeleg
  • erfaring med arbeid i prosjektmodulen i Indicia
Personlege eigenskaparDette kan vi tilby om du vel oss
  • ei utfordrande og meiningsfull fast stilling i Ålesund politistasjonsdistrikt
  • stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
  • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
  • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
  • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
  • for særskilt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode som politiførstebetjent eller politioverbetjent bli vurdert, jmf. lokale retningslinjer, politiførstebetjent brutto årslønn frå kr. 650 00 til kr 720 000, politioverbetjent brutto årslønn frå 680 000 kr. til kr 760 000.
  • ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjersle etter gjeldande ATB, for tida på kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på
  • det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten .Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.Slik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.Om politidistriktetMellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Nordland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Etterforskar

    ALESUND POLITIHUS

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    • kr 640.000-690.000 pr år
    Om stillinga Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av internettrelaterte saker? Vi har no ledig fast stilling som etterforskar ved avsnitt for et…
    • 9 dager siden