Vil du vere med å forme framtida til næringslivet i Sogn og Fjordane?

SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Då bør du lese vidare!Drivkraft -- Næringsstiftinga for Sogn og Fjordane søkjer ein engasjert og visjonær dagleg leiar. Du får ei unik moglegheit til å stå i spissen for ei nyetablert stifting med eit klart mandat: Å fremje gründerverksemd, nyskaping og verdiskaping i heile regionen.Drivkraft skal stimulere til omstilling og innovasjon, bygge sterke nettverk og bidra med risikokapital. Gjennom investeringar i nye idear, vekst og vidareutvikling vil stiftinga vere ei drivkraft for innovasjon og næringsutvikling.Vi søkjer dagleg leiarSom dagleg leiar i Drivkraft vil du ha ansvar for å leie og utvikle stiftinga i samsvar med vedteken strategi og mål. Du vil utvikle, implementere og følge opp investerings- og utviklingsstrategiar, samt arbeide for å bygge sterke relasjonar og samarbeidsarenaer med næringsliv, offentlege aktørar og innovasjonsmiljø. Du vil vere ein viktig representant for Drivkraft, og jobbe for å styrke stiftinga sin profil og påverknad.I tillegg vil du ha ansvar for å rapportere til styret og sikre god forvaltning av stiftinga sine midlar og verdiar.**Kven er du?**Vi ser etter ein initiativrik og strategisk leiar. Du har stor gjennomføringsevne og eit sterkt engasjement for regional utvikling. I tillegg til dette har du gjerne:· Relevant erfaring frå næringslivet, gjerne innan innovasjon, strategi og
næringsutvikling· Kjennskap til økosystemet for gründerverksemd og verkemiddelapparatet· God forretningsforståing og evne til å vurdere og følgje opp investeringar· Erfaring med å utvikle og byggje nettverk, samarbeid og varige relasjonar· Gode kommunikasjonsferdigheiterVi tilbyrVi tilbyr ei nøkkelrolle med stor påverknadskraft for næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Som dagleg leiar vil du jobbe tett på eit dynamisk næringsliv, som gir deg tilgang til eit breitt nettverk av spennande aktørar. Du vil få moglegheit til å bidra til varig verdiskaping i regionen, samstundes som du arbeider nært eit engasjert styre som vil gi deg både fridom og støtte for å lukkast.I tillegg tilbyr vi konkurransedyktige vilkår og ein fleksibel kontorløysing i regionen.
Er dette ei reise du vil vere med på?
Vi vil gjerne høyre frå deg!Sønadsfrist er 28.09.2025, og du søker via finn.noOm du har spørsmål? Styreleiar i Stiftinga Drivkraft, Bjørn Aage Haugen og leiar prosjekt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Lillian Loen høyrer gjerne frå deg!Om Stiftinga Drivkraft Drivkraft er eit initiativ oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, bygd på eit solid verdigrunnlag og med ein startkapital på 100 millionar kroner. Målet med Drivkraft er å vere ei pådrivar i utviklinga av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen.Bjørn Aage Haugen
Mob : 900 62 256
e-post:Lillian Loen
Mob: 905 70 484
e-post:Om bedriftenDrivkraft er eit initiativ oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, bygd på eit solid verdigrunnlag og med ein startkapital på 100 millionar kroner. Målet med Drivkraft er å vere ei pådrivar i utviklinga av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen.SektorPrivat

SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE