Følgje opp brukarar som er sjukmelde eller får arbeidsavklaringspengar
Rettleie og motivere brukarar på vegen tilbake til arbeid
Kartlegge arbeidsevne, ressursar og moglegheiter
Samarbeide tett med arbeidsgjevarar, fastlegar og andre samarbeidspartar for å finne gode løysingar
Kvalifikasjonar
Utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Gode evner til å kommunisere både munnleg og skriftleg
Trygg på digitale verktøy og nysgjerrig på ny teknologi
Det er ein fordel om du har:
Erfaring med å rettleie menneske i krevjande livssituasjonar
Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag
Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen
Personlege eigenskapar
Du trur på at alle kan få og behalde ein ordinær jobb, uansett helseutfordringar
Du møter folk i sårbare situasjonar med respekt, empati og profesjonalitet
Du jobbar målretta og strukturert, og har god arbeidskapasitet
Du motiverer andre og bygger tillit hos innbyggjarar, kollegaer og samarbeidspartnarar
Du ser moglegheiter og finn gode løysingar
Du tek ansvar, samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
Ein meiningsfull jobb i eit godt og støttande arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor
Løn etter gjeldande tariff
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.Adresse: Tonningsgata 4, 6783 Stryn, NorgeKontaktinformasjonKari TonningAvdelingsleiar Nav NordfjordE-post: Kari.Tonning@nav.noMonica OsvoldRegionleiar Nav NordfjordE-post: monica.osvold@nav.noOm arbeidsgivarenStad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!