SFO-leder

Ålesund kommune Se alle jobber

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Om stillingaVil du vere med og utvikle eit trygt, inkluderande og meiningsfullt tilbod for barna ved Emblem SFO? Vi søkjer ein tydeleg, engasjert og relasjonssterk SFO-leiar som kan leie og vidareutvikle SFO i tett samarbeid med skulen si leiing og dei tilsette.SFO-leiar har ansvar for å sikre at skulefritidsordninga blir driven i tråd med nasjonale og lokale føringar. Du vil ha ansvar for dagleg drift, pedagogisk innhald, personaloppfølging og samarbeid med heimane. SFO-leiar samarbeider med skulen si leiing i aktuelle saker og rapporterer til verksemdsleiar.Ein del av stillinga er knytt til arbeid i skulen og inneber elevretta arbeid for å fremje trivsel, inkludering og eit trygt og godt skulemiljø.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.05.2026Arbeidsgivar:Ålesund kommuneStad:ÅlesundStillingstittel:SFO-lederStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5108668510Sosial deling :ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
  • Planlegge,organisere og leie den daglige driften av SFO
  • Pedagogisk ansvar for innholdet i SFO med fokus på leik, læring og fysisk aktivitet
  • Delta aktiv i barna sin SFO-kvardag
  • Ansvar for eit godt samarbeid med heimane
  • Miljøarbeid i skulen
KvalifikasjonarVi søkjer deg som har:
  • Godkjent pedagogisk kompetanse, minimum bachelor
  • Erfaring frå leiing i SFO, barnehage eller liknande verksemd
  • God forståing for arbeid med barn, relasjonar og inkluderande fellesskap
Det er ønskeleg at du har:
  • erfaring med personalleiing
  • kjennskap til relevante regelverk og rammer for SFO
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
  • har gode leiareigenskapar
  • samarbeider godt og er løysingsorientert
  • er oppteken av at barna skal ha ein trygg, god og meiningsfull dag på SFO
  • er strukturert, tydeleg og fleksibel
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.Vi tilbyr
  • Eit spennande og meiningsfullt leiaroppdrag
  • Høve til å vere med og utvikle SFO-tilbodet ved skulen
  • Samarbeid med engasjerte kollegaer og skuleleiing
  • Deltaking i faglege nettverk i kommunen
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
Adresse: Markastien 15, 6013 Ålesund, NorgeKontaktinformasjonJorun P F SundklakkVerksemdsleiar /RektorOm arbeidsgivarenÅlesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Ålesund kommune

Lignende stillinger

  • SFO-leder

    EMBLEM SKOLE SFO

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Vil du vere med og utvikle eit trygt, inkluderande og meiningsfullt tilbod for barna ved Emblem SFO? Vi søkjer ein tydeleg, engasjert og relasjonssterk SFO-leiar som kan leie og vi…
    • 7 dager siden
  • SFO-leder

    Ålesund kommune

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: Planlegge,organisere og leie den daglige driften av SFO Pedagogisk ansvar for innholdet i SFO med fokus på leik, læring o…
    • 6 dager siden
  • Fagarbeidere og assistenter

    Ålesund kommune

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Om stillinga Hatlane skole har fra skolestart 2026 behov for flere fagarbeidere/assistenter - både faste og midlertidige stillinger. Stillingene er hele stillinger og delstilling…
    • 7 timer siden