Barne- og ungdomsarbeidarar i barnehage

Vindafjord kommune Se alle jobber

  • Vindafjord, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Frå august har me behov for barne- og ungdomsarbeidarar i fleire av dei kommunale barnehagane i Vindafjord.Det er både faste og vikariat i heile eller reduserte stillingar. Du vil ha ansvar for å støtte barnas utvikling gjennom leik og læring, samt samarbeida med foreldre/føresette og kollegaer. Våre barnehagar set barnas beste i fokus. Vårt mål er å skape eit trygt og stimulerande miljø, kor barn kan utforske, lære og vekse. Me verdsett kreativitet, leik og læring og er stolt av jobbe me gjer.Kva får du jobba med hos oss?
  • Du får jobba med kommunikasjon, samspel, leik, utforsking og leik med barna
  • Du får vera med å organisera og leie pedagogsike og leikbaserte aktivitetar
  • Du får vera med å veilede og hjelpe barna til å blir meir sjølvstendige
  • Du får vera med å evaluera og tilpassa aktivtetar basert på barnas behov og utvikling
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering.
  • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabbatt.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande utdanning, andre kan og bli vurdert.
  • Å ha relevant erfaring med arbeid med barn er ein fordel.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
  • Du er omsorgsfull og empatisk
  • Du er tolmodig og roleg i utfordrande situasjonar
  • Du er kreativ og og initiativrik
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Du kan jobbe sjølvstendig og i team
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Vindafjord kommune

Lignende stillinger

  • Barne- og ungdomsarbeidar

    SVEIO BARNEHAGE

    • Sveio, Vestland
    Om stillinga Vi søkjer etter fagarbeider 100% fast stilling. Det kan også verte aktuelt å i tillegg tilsette i 50-100% vikariat. Sveio barnehage er ein kommunal barnehage som l…
    • 3 dager siden
  • Barne- og ungdomsarbeidar

    Nordland fylkeskommune

    • Sveio, Vestland
    Barne- og ungdomsarbeidar Sveio barnehage har ledig fast, 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 15.08.26 Om stillinga Vi søkjer etter fagarbeider 100% fast stilling…
    • 3 dager siden