
Tilkallingsvikarar
- Brattvåg, Møre og Romsdal
- Midlertidlig
- Fulltid
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:SnarastArbeidsgivar:Haram kommuneStad:BrattvågStillingstittel:TilkallingsvikararStillingar:1Webcruiter-ID:4988695669Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Undervisning (lærarstilling).
- Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn.
- Gje barn positiv oppfølging og støtte.
- Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i kvardagen.
- Bidra til tett og godt samarbeid mellom skule og heim.
- Følge opp enkeltelevar etter behov, både fagleg og sosialt.
- Undervisningskompetanse og/eller relevant fagkompetanse for lærarstilling.
- Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage er positivt.
- Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
- God digital kompetanse.
- Tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
- Du må vere ein god rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på det enkelte barn.
- Ha god relasjonskompetanse.
- Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
- Vi søker deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trivst i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar.
- Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø.
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar.
- God pensjonsordning