ID 2356 Kokk - Knutsaåsen omsorgssenter

KNUTSAASEN OMSORGSSENTER

  • Stord, Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 17 dager siden
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Me søkjer etter ein engasjert og dyktig kokk til vårt mottakskjøkken på Knutsaåsen omsorgssenter. Arbeid kvar tredje helg må påreknast.Knutsaåsen omsorgssenter er organisert saman med Stord sjukeheim, og me vil i større grad bygje eit samla kompetansemiljø innan kjøkkentenester for begge institusjonane. Me har frå snarast ledig fast 50 % stilling som kokk med koordinatorfunksjon ved Knutsaåsen omsorgssenter.Kjøkken koordinatorfunksjonpå mottakskjøkkenet inneber eit overordna ansvar for drift og fagleg utvikling, kvalitetssikring og struktur i kjøkkenarbeidet. Rollen skal bidra til god samhandling og sikre at rutinar og prosedyrar vert følgde og vidareutvikla i tråd med gjeldande krav og behov. Koordinatoren har eit særskilt ansvar for å ivareta ernæringsmessig kvalitet, hygiene på kjøkkenet, og skal vere ein pådrivar for kontinuerleg forbetring og samarbeid med interne og eksterne aktørar. Kvalifikasjonskrav:Fagbrev som kokk er ønskjelegErfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkkenKunnskap om Internkontroll mat i institusjonGode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendigGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskMe oppmodar også deg med relevant erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken, utan fagbrev, til å søkje.Du må kunne jobbe sjølvstendig Arbeidsoppgåver:Tilbereding av måltid i tråd med gjeldande kosthaldskravIvareta god hygiene og trygg matproduksjonKjøkkenkoordinator Me ønskjer ein person som:Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturertSamarbeid med kollegaer og andre faggrupperBidra til eit godt arbeidsmiljø Me kan tilby:Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåverEngasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanseVarierte og spanande arbeidsoppgåverGod opplæring og oppfølgingInkluderande arbeidsmiljø - IA bedriftBedriftshelsetenesteHøgt faglig nivåEtablert tverrfagleg samarbeidStord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverkkOffentleg tenestepensjonDersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.For nærare opplysningar, ta kontakt med: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane, tlf 924 86 358Kontaktperson for stillingenBritt Nelly Hystad BaraneEininsgleiar924 86 358Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenStord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.SektorOffentlig

KNUTSAASEN OMSORGSSENTER

Lignende stillinger

  • Ønsker du ein variert og innhaldsrik kvardag?

    OLENSJOEN FUS BARNEHAGE AS

    • Ølen, Rogaland
    Fleire foreldre ønsker plass til barna sine frå nyttår, og me treng derfor nye kollegaer på laget vårt. I tillegg til to faste stillingar som fagarbeidar/barnehagemedarbeidar, har …
    • 13 dager siden