Fagarbeidarar/assistentar i skulane

Vindafjord kommune Se alle jobber

  • Vindafjord, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 dag siden
Me søker engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar/assistentar til skulane i Vindafjord kommune. Hos oss får du moglegheit til å gjera ein forskjell i kvardagen til barn og unge, saman med eit dyktig og inkluderande fagmiljø.Er du ein person som trivst med å leggje til rette for leik, læring og meistring? Då vil me gjerne høyre frå deg!Kva får du jobba med hos oss?
  • Du får følgje opp enkeltelevar og klassar i tillegg til å arbeida på SFO.
  • Du følgje opp og støtte for gode læringsaktivitetar.
  • Du får samarbeide tett med kontaktlærer for gode læringsaktivitetar og overgangar.
  • Du legg til rette for trygge og inkluderande aktivitetar i friminuttane.
  • Du får vera ein synleg og trygg rollemodell for alle elevar.
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering
  • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (
). * Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant kompetanse. Ukvalifiserte kan og bli atuelle.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
  • Må kunne skapa gode relasjonar til elevar, heim og vaksne ved skulen.
  • Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildelevar og heil klasse.
  • Arbeida saman med kollegaer på skulen for å lage eit godt læringsmiljø for elevane og arbeidsmiljø for dei vaksne.
  • Du tar initiativ til kontakt og er god på å byggje relasjonar.
  • Du er ein varm og tydeleg vaksen.
  • Må kunne skape gode relasjonar til elevar og vaksne på skulen og SFO.
  • Me legg stor vekt personleg eignaheit.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.Andre opplysningar:
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Vindafjord kommune