Har du god teknisk forståing og engasjement for eigedomsdrift? Bli med oss i stilling som Driftsoperatør
ULSTEIN VERFT AS
- Ulsteinvik, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
I søknaden vil vi gjerne at du får fram det du har av relevant erfaring, kompetanse og ikkje minst motivasjonen din for å jobbe som driftsoperatør.Nokre av arbeidsoppgåvene dine vil vere
- Ansvar for internkontroll på bygg
- Drift og oppfølging av bygga sine tekniske installasjonar og SD-anlegg
- Utføring av førebyggjande og løpande vedlikehaldsoppgåver
- Oppfølging av serviceavtalar og sikre at periodisk service blir utført
- Energisparande tiltak
- Oppfølging av energiforbruk
- Sesongbasert utandørs drift, som stell av grøntområde om sommaren og oppfølging av snørydding om vinteren
- Avfallshandtering og kjeldesortering i samarbeid med leiar og organisasjonen
- Utføre diverse vedlikehald
- Praktisk bistand og tenesteleveransar til einingane ved behov
- Fagbrev innan byggdrift eller andre relevante fagbrev (tømrar/elektrikar/røyrleggjar/ventilasjon/murar/betong eller liknande).
- Manglande fagbrev kan kompenserast med relevant praktisk og/eller teknisk erfaring
- Førarkort klasse B
- Det er ein fordel med erfaring og kompetanse innan bygningsdrift.
- Erfaring og kompetanse innan tekniske anlegg i bygg, er det ein fordelGod digital og teknisk forståing, og evne til å sjå nytta av digitale verktøy
- Du meistrar norsk og engelsk skriftleg og munnleg på eit nivå som sikrar forsvarleg utføring av arbeidsoppgåvene
- Ein variert arbeidskvardag der du har stor påverknad på korleis dagane dine ser ut
- Fleksitidsordning
- Ein arbeidsplass som verdset nytenking og innovative idear frå dei tilsette
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern
- Eit tverrfagleg, multidisiplinært fagmiljø som vektlegg personleg og fagleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Konkurransedyktige lønsvilkår, ordna arbeidsforhold samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Trond Are Strømsnes, Supervisor 1 - Maintenance, 976 37 952Arbeidsstad Osnesvegen 110
6065 UlsteinvikNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 5104365148
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026Kontaktpersoner for stillingenTrond Are StrømsnesSupervisor 1 - Maintenance976 37 952Kopier telefonnummerØyvind AmdamFacility Manager977 09 000Kopier telefonnummerOm bedriftenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.SektorPrivatNettsted