Fem inspektører tilsyn Bergen
Arbeidstilsynet Se alle jobber
- Bergen, Vestland
- Fast
- Fulltid
Arbeidstilsynet, BergenHar du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?Arbeidstilsynet skal bidra til at tilsette ikkje blir sjuke av arbeidet eller skadde på jobb. Det er arbeidsgivaren som har ansvar for å sørge for godt arbeidsmiljø, men vi i Arbeidstilsynet kontrollerar og rettleier.Tilsyn er vårt viktigaste verkemiddel for å kontrollere at verksemdene i landet oppfyller krava i arbeidsmiljøregelverket. Dette inneber både kontroll og rettleiing i verksemder i ulike næringar og bransjar. Tilsyn er ofte retta mot lønns- og arbeidsvilkår, organisatoriske forhold, psykososiale faktorar, ergonomi, teknisk tryggleik, førebygging av ulykker og kjemiske og biologiske arbeidsvilkår.I 2026 har vi fått tildelt ekstra midlar for å auke innsatsen vår mot useriøse aktørar og sosial dumping. Difor treng vi nå enda fleire dyktige medarbeidarar.Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og bakgrunn og med ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Det gjer eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løyse oppgåvene. Har du i periodar stått utanfor arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkommen til å søke jobb hos oss. Vi legg arbeidsplassen til rette for deg viss du har særskilde behov.Visjonen vår er "Saman for eit godt arbeidsliv". For å greie det styrer vi etter verdiane våre, som er "modig, klok og tydeleg". Det ønskjer vi at du òg skal vere.Vi søker no etter fem inspektørar til vårt kontor i Bergen. Her vil du vere ein del av eit tverrfagleg miljø med 9 juristar og 25 inspektørar frå ulike fagområde.Seksjonen arbeider med verksemder i fleire bransjar og med ulike arbeidsmiljøfaglege tema. Som inspektør vil du vere mykje ute i verksemdene på tilsyn, og jobben inneber ein del reising.Arbeidsoppgåver
- gjennomføre tilsyn med at verksemder arbeider systematisk med helse, miljø og tryggleik, hovudsakleg i risikoutsette bransjar med vekt på grunnleggjande lønns og arbeidsvilkår
- planlegge, gjennomføre og følge opp tilsynssaker i tråd med planar, rutinar og regelverk
- samarbeide med andre kollegaer, samarbeidande etatar og myndigheiter
- utdanning på bachelornivå, gjerne teknisk, juridisk eller samfunnfagleg utdanning
- anna relevant utdanning eller erfaring kan kompansere for manglande formell utdanning
- gode samarbeidsevner
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- førarkort for personbil (B)
- erfaring frå tilsyn, dvs. kontroll og rettleiing
- erfaring med saksbehandling
- kunnskap om krava arbeidsmiljølova stiller til arbeidsmiljø i verksemdene
- erfaring frå systematisk arbeid med helse, miljø og tryggleik
- kjennskap til forvaltningslova og offentleglova
- erfaring frå allmenngjorte bransjar som bygg, hotell og restaurant, transport og jordbruk
- trivst med å kommunisere med menneske ute på ulike arbeidsplassar
- har evne og motivasjon til å jobbe med samfunnsoppdraget vårt i ei myndigheitsrolle
- har gjennomføringsevne og lyst til å skape resultat
- er strukturert og styrer arbeidsdagen din innanfor gitte rammer
- er fleksibel og villig til å utføre oppgåver på nye område når det er nødvendig
- ønsker å utvikle deg i inspektørrolla, dele kunnskap og erfaringar og bidra til å gjere kollegaene dine gode
- lønn etter statens lønnsregulativ som inspektør, kode 1343 (kr 620 000 til kr 750 000) eller seniorinspektør, kode 1371 (kr 650 000 til kr 830 000), avhengig av kvalifikasjonane dine
- lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse:
- gode ordningar:
- meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- moglegheiter for å medverke og påverke eigen arbeidskvardag
- hyggelege kollegaer i eit utviklande læringsmiljø
SAP as service providerVi bruker følgende informasjonskapsler for økter, som alle er nødvendige hvis nettstedet skal fungere:
- "route" brukes til øktens stickiness
- "careerSiteCompanyId" brukes til å sende forespørselen til riktig datasenter
- "JSESSIONID" plasseres på den besøkendes enhet i løpet av økten slik at serveren kan identifisere den besøkende
- "Load balancer cookie" (faktisk navn på informasjonskapsel kan variere) hindrer at en besøkende hopper fra én forekomst til en annen
YouTubeYouTube er en videodelingstjeneste der brukere kan opprette sin egen profil, laste opp videoer, se på, like og kommentere videoer. Hvis du velger bort YouTube-informasjonskapsler, gjør det at du ikke kan vise eller samhandle med YouTube-videoer.VimeoVimeo er en video-, delings- og tjenesteplattform som fokuserer på levering av videoer. Hvis du velger bort Vimeo-informasjonskapsler, gør det at du ikke kan se på eller samhandle med Vimeo-videoer.Bekreft valgKun nødvendige Godta alle