Avdelingsleiar ved Åseralsheimen - ei spennande leiarstillling
ASERAL KOMMUNE - SFO
- Åseral, Agder
- Fast
- Fulltid
Vår trygge, dyktige og engasjerte avdelingsleiar gjennom mange år går av med pensjon frå 1. desember.No søkjer vi ein ny leiar som vil vere med å vidareutvikle omsorgstenestene våre.Er du ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar med leiarambisjonar?
Vi ser etter ein trygg og inspirerande avdelingsleiar som trivst med varierte og travle arbeidsdagar, og som har eit brennande engasjement for gode pasienttenester.Som avdelingsleiar ved Åseralsheimen blir du ein del av leiargruppa i eininga, med einingsleiar som næraste overordna. Eining for omsorg har ansvar for helse- og omsorgstenester til innbyggjarar og tilreisande i kommunen, og består av Åseralsheimen og heimetenesta. Heimetenesta har eigen avdelingsleiar.Om Åseralsheimen
Åseralsheimen er eit moderne og innbydande omsorgsbygg med følgande tilbod per idag:
- 5 sjukeheimsplassar
- 2 plassar på korttidsavdeling (korttidsopphald, avlastning og kommunal augeblikkeleg hjelp)
- 13 omsorgsbustadar, der 5 er på skjerma avdeling for personar med demens
- Eige kjøkken med fokus på god og næringsrik mat
- Den daglege drifta av avdelinga
- Fagleg ansvar og kvalitetssikring
- Personalansvar og oppfølging av medarbeidarar
- Leiing av eit dyktig og engasjert team
- Sikre gode og forsvarlege tenester for pasientane våre
- Tett samarbeid med andre faggrupper og leiarar
- Oversikt og ansvar for fordeling og prioritering av arbeidsoppgåver
- Leiing og motivasjon av medarbeidarar
- Sikre fagleg kvalitet og pasienttryggleik, inkludert oppfølging av avvik
- Oppfølging av vekeplanar og bemanning
- Halde avdelingsmøter og medarbeidarsamtalar
- Bidra til utvikling og implementering av rutinar
- Samarbeid med pasientar, pårørande og eksterne aktørar som legetenesta, apotek og spesialisthelsetenesta
Dersom avdelingsleiar blir rekruttert internt, vil det bli ledig ei ordinær 100 % sjukepleiarstilling i tredelt turnus.
Er du sjukepleiar og ønskjer å arbeide hos oss, oppmodar vi deg til å søkje og oppgje dette i søknaden din.
Vi tilbyr då løn som tilsvarar full ansiennitet.Arbeidsoppgåver som sjukepleiar
- Utføre helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Ha sjukepleiarfagleg ansvar på skift når avdelingsleiar ikkje er til stades
- Iverksetje, følgje opp og evaluere tiltak
- Bruke eininga sine prosedyrar og rutinar
- Dokumentere presist og oppdatert i journalsystemet vårt - Visma Profil
- Legemiddelhandtering og oppfølging av legevisitt
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innanfor tildelte ressursrammer
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med leiarutdanninng eller relevant leiarerfaring
- Kjennskap til relevant lovverk
- Gode digitale ferdigheitar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Er trygg i rolla som leiar og evner å skape tillit og tryggleik
- Er strukturert, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
- Har gode samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg samarbeid
- Har evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Har engasjement for fagutvikling og kvalitetsforbetring
- Har god kommunikasjonsevne og evne til å handtere endring
- Er glad i utfordringar og har stor arbeidskapasitet
- Har evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
- Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i eit godt fagmiljø
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og omsorg
- Løn etter avtale og gode pensjonsordningar
4540 ÅseralNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5006571823
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktperson for stillingenCamilla VerdalEiningsleiar omsorg90952859Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenÅseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.SektorOffentligNettsted