Spesialpedagog

HARAM KOMMUNE PEDAGOGISK FAGSENTER

  • Brattvåg, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 3 dager siden
Vil du vere med og skape inkluderande barnehagar der alle barn får utvikle seg og oppleve meistring?Pedagogisk fagsenter i Haram søker ein dyktig og utviklingsorientert spesialpedagog i 100 % fast stilling frå 01.08.26.Som spesialpedagog hos oss får du ei sentral rolle med hovudansvar for oppfølging og gjennomføring av vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Du sikrar kvalitet, progresjon og heilskap i arbeidet rundt barn som har rett til særskilt støtte, og du jobbar i tett samarbeid med foreldre, barnehage og Pedagogisk fagsenter.I tillegg blir du ein viktig pådrivar for endrings- og utviklingsarbeid i det ordinære barnehagetilbodet. Gjennom rettleiing, modellering og samarbeid med barnehagane bidreg du til å styrke kvaliteten i dei daglege rutinane, i språkstimulerande arbeid, i inkluderande leikemiljø og i barnehagen sitt arbeid med sosial deltaking og fellesskap.Som spesialpedagog arbeider du i ein eller fleire barnehagar i heile Haram kommune.I fagsenteret sin kontorbase på tenestehuset har vi felles plantid, teamarbeid, kompetanseheving og erfaringsutveksling i eit sosialt og fagleg sterkt miljø. Pedagogisk fagsenter er ei heilskapleg teneste der kompetansen på tvers av PPT, spesialpedagogisk team og logopedtenesta blir brukt der han gjer mest nytte. Det betyr at du må rekne med å bidra inn i ulike oppgåver etter behov - og at du kan forvente å få brukt heile kompetansen din i eit tverrfagleg miljø som spelar kvarandre gode.Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.Arbeidsoppgåver
  • Arbeide målretta og systematisk for å inkludere barn i leik og meiningsfulle fellesskap.
  • Følge opp, gjennomføre og organisere innhald og omfang av enkeltvedtak i tråd med barnehagelova, rammeplan og barnekonvensjonen.
  • Utarbeide, gjennomføre og evaluere planar for spesialpedagogisk hjelp og årsrapportar i samarbeid med pedagogisk leiar, føresette og barnet.
  • Rettleie og styrke barnehagen sine tilsette i inkluderande praksis og tidleg innsats.
  • Vere ein ressurs i foreldrerettleiing, slik at føresette får nødvendig støtte og innsikt i barna sine leike- og læringsmiljø.
  • Delta på samarbeidsmøte knytt til barn med rett til spesialpedagogisk hjelp.
  • Implementere tiltak gjennom heilskapleg pedagogisk tilrettelegging, og sjå samanheng mellom spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak.
  • Vere drøftingspartnar og delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid.
  • Aktiv deltaking i team og utviklingsarbeid i eiga teneste.
Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande, og blir gjennomførte på individ-, gruppe- og systemnivå. Det må reknast med endringar i oppgåver, ansvarsområde og organisasjonsmessige tilpassingar som følge av den kontinuerlege utviklinga av tenesta framover.Kvalifikasjonar
  • Bachelor i barnehagelærar med vidareutdanning innan spesialpedagogikk (minimum 60 stp).
  • Anna relevant pedagogisk bachelorgrad med relevant vidareutdanning (minimum 60 stp) kan bli vurdert.
  • Erfaring frå barnehage og arbeid med både spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak.
  • Kompetanse eller erfaring med språkstimulering, ASK og inkluderande praksis.
  • Erfaring med å bruke relasjons- og kommunikasjonskompetanse som verkemiddel i pedagogisk eller spesialpedagogisk arbeid.
  • Erfaring med utvikling av leikemiljø og universell utforming er ein fordel.
  • Fagleg forståing av barnet sin medverknad, og evne til å innhente og bruke barnet sitt perspektiv på ein utviklingstilpassa måte.
  • Må ha sertifikat og disponere eigen bil.
  • Politiattest påkrevd.
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk, og i tråd med krav i barnehageloven.
Det er ein fordel om du har:
  • erfaring som pedagogisk leiar.
  • utgreiingskompetanse.
  • rådgivings- og rettleiingskompetanse.
Personlege eigenskaparVi søker spesialpedagog som:
  • Er god på relasjonsbygging, kommunikasjon og samarbeid.
  • Er kreativ og arbeider målretta og sjølvstendig.
  • Er fagleg fokusert og evnar å vidareformidle og rettleie.
  • Har særleg interesse for det spesialpedagogiske fagfeltet og kan bidra til innovativ utvikling og læring.
  • Har evne og vilje til å tileigne seg fagkunnskap på relevante tema/fagområde.
  • Har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner.
  • Har god kjennskap til IT-system og e-læringsverktøy.
  • Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta.
Vi tilbyr
  • Eit høgt fagleg nivå med rom for eiga utvikling og læring.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Godt sosialt miljø med gode kollegaer.
  • Spennande utfordringar både fagleg og sosialt.
  • God rettleiing og oppfølging.
  • Løn etter avtale.
  • Gratis parkering.
Kontaktinformasjon Xenia Heaceaturean-Aas, Tenesteleiar, 90271899,Arbeidsstad Strandgata 40
6270 BrattvågNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5103977346
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 25.04.2026Kontaktperson for stillingenXenia Heaceaturean-AasTenesteleiar90271899Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHaram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.SektorOffentligNettsted

HARAM KOMMUNE PEDAGOGISK FAGSENTER

Lignende stillinger

  • Spesialpedagog

    Haram kommune

    • Brattvåg, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du vere med og skape inkluderande barnehagar der alle barn får utvikle seg og oppleve meistring? Pedagogisk fagsenter i Haram søker ein dyktig og utviklingsori…
    • 3 dager siden
  • Spesialpedagog barnehage

    Ålesund kommune

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Arbeidsoppgåver Ansvar for å følge opp, gjennomføre, organisere innhald og omfang av enkeltvedtak til det beste for den det gjeld og i tråd med barnehagelova, rammeplan for barn…
    • 7 dager siden
  • Lærere / spesialpedagoger

    Ålesund kommune

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Arbeidsoppgaver Planlegging og gjennomføring av undervisning i klasser og/eller grupper i ulike fag på ulike klassetrinn. Kontaktlæreransvar kan være aktuelt. Gi omsorg og vær…
    • 11 timer siden