Vil du bli med på laget? Fjordane Folkehøgskule har ledig 80% fast stilling som kontorsekretær frå 01.01.2026
FJORDANE FOLKEHOGSKULE
- Nordfjordeid, Vestland
- Fast
- Deltid
- Er strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Likar å samarbeide med andre
- Beherskar nynorsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- Er fleksibel og serviceinnstilt -- og trivst saman med ungdom
- Gjerne har erfaring frå folkehøgskule eller kjennskap til skuleslaget
- Jobbe med marknadsføring og informasjonsarbeid for å synleggjere skulen
- Sekretæroppgåver og sentralbordfunksjon
- Oppfølging av elevopptak, betaling og kontakt med elevar, føresette og offentlege instansar
- Planlegge og følge opp gjester når vi har utleige og sommardrift
- Ha ei nøkkelrolle når skulen blir eit kurs- og konferansesenter frå 15. mai til 15. august
- Vi har ni ulike linjer der elevane får dyrke interessene sine og prøve nye aktivitetar. Det gjer kvardagen vår mangfaldig, inspirerande og full av engasjement.
- Du får ei god pensjonsordning i SPK og ein meiningsfull jobb der du bidreg til at elevane skal skape sitt beste år.
- Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt, noko du får glede av i lunsjen. Dei byr blant anna på lokale og sesongbaserte råvarer så ofte dei kan.
- Du får ein arbeidsplass som tar ansvar:
- Vi er Miljøfyrtårn-sertifisert og tar miljø- og samfunnsansvaret vårt på alvor
- Vi brukar Fairtrade-produkt som styrkar bønder og arbeidarar i fattige land
- Vi er Debio bronsegodkjent, dvs. minst 15% av matserveringa vår er økologisk
- Vi er ein klimamotivert skule som vil bidra til å gjere verda til ein betre stad for alle