Kulturskulelærar, teater/drama

GISKE KULTURSKULE

  • Møre og Romsdal
  • Fast
  • Deltid
  • 9 dager siden
Giske kommune har ledig omlag 20 % mellombels stilling i drama / teater ved Giske kulturskule.
Det er oppstart 01.08.2026 og engasjementet varer fram til 31.06.2028.Giske kulturskule har idag omlag 250 elevar fordelt på ulike musikk-, dans- og kunstfag og held til på Valderøy barneskule. Kulturskulen er organisert under avdeling for kultur og service med undervisningsstad på Valderøy barneskule.I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest til stillinga.Vi ber om at attestar og vitnemål vert lagt ved søknaden.Arbeidsoppgåver
  • Undervisning av elevar i grupper med teaterleik/barne- og ungdomsteater
  • Delta i prosjekt, bidra i forestillingar/konsertar m.m., samarbeide med lokale krefter
  • Undervisning på ettermiddag og kveld må påreknast, samt noko arbeidstid på helg knytta til produksjonar
  • Delta på avdelinga sine personalmøter
  • Deltaking i kulturskulen sitt utviklingsarbeid
Oppgåver kan bli endra ved behov.Kvalifikasjonar
  • Utdanning frå høgskule eller universitet innan teater-, drama eller pedagogikk
  • Anna erfaring frå teater og drama kan også bli vurdert.
  • Erfaring med undervisning av barn og unge
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.
Personlege eigenskapar
  • Vere eit godt førebilete for, og like å jobbe med, barn og unge.
  • Du må kunne skape gode relasjonar og motivere andre.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
  • Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
Vi tilbyr
  • Eit spennande, kreativt og aktivt arbeidsmiljø med dyktige kollegar.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon Ingvild nautvik, avdelingsleiar Kultur og service, +47 41502349,Arbeidsstad Øvstevegen 19
6050 ValderøyaNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5103836019
Stillingsprosent: 20%
Engasjement
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 30.06.2028
Søknadsfrist: 01.05.2026Kontaktperson for stillingenIngvild nautvikavdelingsleiar Kultur og service+47 41502349Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenGiske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.SektorOffentligNettsted

GISKE KULTURSKULE