Helsefagarbeidar 100% fast stilling m/rekrutteringstilskot - Rosendalstunet

ROSENDALSTUNET

  • Rosendal, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Helsefagarbeidar 100 % fast stilling Arbeidsstad: Rosendalstunet - midt i vakre RosendalVi søkjer helsefagarbeidar i 100 % fast stilling.Er du ein helsefagarbeidar med eit ekte engasjement for eldreomsorg - og lyst til å bli del av ein solid gjeng med dyktige fagfolk? Vi ser etter deg som vil bidra til ei verdig omsorg, og som har særleg interesse for geriatrisk arbeid.Rosendalstunet ligg i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden. Vi er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Her har vi 6 avdelingar og 60 plassar innan langtidsopphald, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø tett tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar. * Rekrutteringsttilskot på kr. 50.000, med 2 år bindingstid for eksterne søkjararTurnusStillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg, eller turnus med langvakter.Velferdsteknologi er ein naturleg del av kvardagen vår - no med prosjektet kamerabasert tilsyn.ArbeidsoppgåverUtøva helsefaglege oppgåver i samsvar med lovverk, rutinar og kvalitetskravGje heilskapleg pleie og omsorgSamarbeida med pasientar, pårørande, avdelingsleiar og kollegaerDokumentera tenestene vi yterLegemiddelhandteringRettleia kollegaer, studentar og elevarKvalifikasjonarBestått fagbrev som helsefagarbeidar eller hjelpepleiarGod norsk skriftleg og munnlegPersonlege eigenskaparFleksibel og løysingsorientertGod kommunikasjon- og samarbeidsevnerEvne til å jobba sjølvstendig, men også som ein del av eit teamVed tilsetjing legg vi vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.Vi tilbyrTilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår (HTA og AML)Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring i KLPGode arbeidsvilkår i eit triveleg og støttande arbeidsmiljøDekning av flytteutgifter etter avtaleIngen eigedomsskatt for hus, hytter eller næringGratis SFO og søskenmoderasjon i barnehageEin region med mykje å by på - sjå SunnhordlandslivetDet er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 helse- og omsorgstenestelova §5-4Ein liten videosnutt om kommunen vår :
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenTone Tufta Gaugstad+47 92457680Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenKvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånetSektorOffentlig

ROSENDALSTUNET