Leiar i fagteamet og Sørhellet barnehage

Klepp kommune Se alle jobber

  • Kleppe, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Som leiar for Sørhellet barnehage og styrka barnehage (fagteamet) får du ei heilt sentral rolle i å utvikle eit inkluderande, kompetent og framtidsretta barnehagetilbod. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å kombinere strategisk leiing med tett kontakt med praksisfeltet - og som brenn for kvalitet, mangfald og tidleg innsats.Sørhellet barnehage - eit sterkt fagmiljø med hjartet på rett stadSørhellet barnehage er ein kommunal, tilrettelagt barnehage midt i Klepp sentrum, med plass til om lag 75 barn. Her møter du eit personale med høg fagleg kompetanse, eit stort engasjement og eit sterkt verdigrunnlag. Barnehagen er sertifisert som Marte Meo-barnehage, og arbeider målretta med relasjonskompetanse, tryggleik og utviklingsstøtte for alle barn. Som leiar får du vere med og vidareutvikle eit miljø som er kjent for varme, profesjonalitet og eit brennande ønske om å skape gode kvardagar for barn med ulike behov.Fagteamet - eit kraftsenter for kompetanse og inkludering.Fagteamet arbeider ute i alle barnehagane i Klepp kommune, og er ein nøkkelaktør i arbeidet med å sikre at barn med behov for ekstra støtte får delta og trivast i det ordinære barnehagetilbodet.Teamet har eit breitt samfunnsoppdrag og jobbar med:
  • språkarbeid i alle barnehagar, inkludert støtte til flerspråklige barn
  • rettleiing og kurs for tilsette for å styrke allmennpedagogisk praksis
  • kompetanseheving innan inkluderande pedagogikk og tidleg innsats
  • utvikling og drift av Marte Meo arbeidet i kommunen
  • myndigheitsoppgåver knytt til vurderingar, vedtak og oppfølging av spesialpedagogiske tenester
Her møter du eit lag av erfarne og høgt kvalifiserte fagpersonar som arbeider kunnskapsbasert, tverrfagleg og med stor fagleg stoltheit.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:26.04.2026Arbeidsgivar:Klepp kommuneStad:KleppeStillingstittel:Leiar i styrka barnehage (fagteam) og Sørhellet barnehageStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5110806175Sosial deling :ArbeidsoppgåverSom leiar vil du ha det daglege ansvaret med ulike oppgåver og ansvarsområde.
  • Barnehagefagleg leiing
  • Fagleg innhald og retning
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Økonomiansvar
  • Personalansvar
  • Utvikle barnehagen og fagteamet i tråd med overordna nasjonale og lokale føringar
  • Fatte vedtak
  • Rettleiing og oppfølging av tilsette
  • Tett samarbeid med andre hjelpeinstansar
KvalifikasjonarVi søker ein leiar med solid fagleg og pedagogisk kompetanse, og med evne til å skape utvikling og retning:
  • Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
  • Styrarutdanning eller anna relevant leiarutdanning
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk, eller erfaring/vidareutdanning frå tverrfagleg arbeid
  • Erfaring frå administrasjon og leiing av profesjonsfellesskap
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målføre
  • Digital kompetanse og god økonomisk forståing
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Attestar og vitnemål. Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
  • Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskaparVi ser etter ein leiar som skapar engasjement, tryggleik og utvikling - ein som:
  • har smittande humør og evne til å begeistre
  • identifiserer seg med kommunen sine verdiar og visjon
  • er tydeleg, kompetent, open, påliteleg og samfunnsengasjert
  • har evne til å vidareutvikle kultur, leike- og læringsmiljø i tråd med ny forsking
  • arbeider strukturert og systematisk for å skape gode resultat
  • kommuniserer godt og evner å samarbeide, lytte, rettleie og motivere
  • set tydeleg retning og skapar utvikling i einingane
  • er innovativ, fleksibel og løysingsorientert
  • har god forståing for og prioriterer nærværsleiing - og skapar eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, tilhøyrsle og høg trivsel
Vi tilbyrEi leiarrolle med stort handlingsrom og sterke støttespelarar
Som leiar får du det overordna ansvaret for både den daglege drifta av Sørhellet barnehage og den faglege og organisatoriske leiinga av fagteamet. Totalt vil du vere leiar for om lag 50 tilsette.
Du står ikkje åleine: rundt deg har du eit solid og kompetent leiarteam med avdelingsleiar og fagrådgivarar som gir støtte, sparring og rom for utvikling. Her får du moglegheita til å setje retning, bygge kultur og løfte kvaliteten i heile barnehagesektoren i Klepp.Lønn etter avtale.Adresse: Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe, Norge

Klepp kommune

Lignende stillinger

  • Leiar i fagteamet og Sørhellet barnehage

    SORHELLET BARNEHAGE

    • Kleppe, Rogaland
    Bli med og leie eit fagmiljø som gjer ein forskjell - kvar einaste dag Vil du vere med og forme framtida for barn i Klepp kommune? Som leiar for Sørhellet barnehage og styrka b…
    • 6 dager siden
  • Leiar i fagteamet og Sørhellet barnehage

    Klepp kommune, Barnehagesjef

    • Kleppe, Rogaland
    Om stillinga Bli med og leie eit fagmiljø som gjer ein forskjell - kvar einaste dag Vil du vere med og forme framtida for barn i Klepp kommune? Som leiar for Sørhellet barneh…
    • 6 dager siden
  • Pedagogisk leder / barnehagelærer

    ORMASKOGEN BARNEHAGE

    • Sandnes, Rogaland
    Hva vi ser etter Vi er på jakt etter deg som har et stort og varmt hjerte, og som vet hvordan du gir andre mennesker følelsen av verdi. For oss er det ikke viktig at du har en …
    • 6 dager siden