Operatør - politibetjent 3/2/1

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • kr 535.000-585.000 pr år
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Operatør - politibetjent 3/2/1Vil du bli operatør i politiet og bidra til tryggleiken i Møre og Romsdal?Om stillingaOperasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løyse hendingsstyrte og planlagde oppdrag. Vi kan love deg ein spennande, variert og aktiv arbeidskvardag, med heile politidistriktet som arbeidsfelt!Vi tilbyr også eingongsutbetaling for tilsette som ønskjer å forplikte seg til stillinga i minst to år (kr. 150 000) eller i minst tre år (kr. 200 000) etter nærare avtale.Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det annakvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er inndelt i tre avsnitt som blir leia av kvar sin avsnittleiar. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige medarbeidarar. Vi er lokalisert på politihuset i Ålesund og er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal.Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarArbeidsoppgåver
  • handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet
  • handtere 02800 anrop og hovudnummer til politidistriktet
  • planlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar
  • utføre oppgåver i samsvar med styrande dokument, planverk og plan for PO/COP
  • sørgje for god kommunikasjon og samarbeid med interne samt eksterne samarbeidsaktørar
  • bidra til å sette i verk straksetterforsking
  • involvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysinga
  • kan påleggast andre oppgåver
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
  • fullført og bestått Politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål, evt. foreløpig karakterutskrift, og utfylt karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå
  • god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk, og gode kommunikasjonsevner
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
  • må kunne sikkerhetsklarerast som Hemmeleg
Det er også ønskjeleg med
  • erfaring frå politistilling
  • relevant tilleggsutdanning
  • erfaring frå operasjonssentral
Personlege eigenskaparDette kan vi tilby om du vel oss
  • ein utfordrande og spennande arbeidsplass på operasjonssentralen i Ålesund
  • fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, med tilsetting avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
  • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - 585 000
  • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 560 000 - 610 000
  • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 615 000 - 665 000.
  • For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert.
  • eingongsutbetaling for tilsette som forpliktar seg til stilling som operatør i minst 2 år (kr. 150 000) eller i minst 3 år (kr. 200 000)
  • ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på
.Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse. * tilknyting til bedriftshelsetenesteTilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.Slik søkjer duDu søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcOm politidistriktetMellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Nordland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Operatør - politibetjent 3/2/1

    Politiet

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    • kr 535.000-585.000 pr år
    Om stillinga Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmelding…
    • 2 dager siden
  • Prosessoperatører

    Adecco

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Epax Norge AS er en verdensledende produsent av Omega-3 konsentrater til det globale kosttilskudds- og farmasimarkedet. Denne posisjonen er oppnådd gjennom flere års offensiv satsi…
    • 6 dager siden