Om avdelinga:Terna bustad ligg på Rong og yt tenester til to personar med psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov.Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, andre høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar og assistentar.Vi har no ledig to stillingar på 25% faste helgestillingar.Arbeidsoppgåver:
Målretta miljøarbeid
Medikamenthandtering - kan bli vurdert
Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar:Må ha:
Fagbrev autorisasjon helsefagarbeidar, andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan verte vurdert
Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Erfaring med brukarar med atferd som utfordrar
Ønskjeleg med:
Erfaring frå arbeid med brukargruppa
Vere kjend med elektronisk klientsystem
Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar:
Fleksibel og løysingsorientert
Gode etiske og faglege haldningar
Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
Respekt og engasjement for brukargruppa
Positiv og bidreg til eitt godt arbeidsmiljø
Du er lærelysten og tek ansvar
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
Anna:
Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om
KontaktAvdelingsleiar: Heidi Børresen 940 04 786Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.