Helsefagarbeidar eller assistent i 80 og 90 % vikariatVil du arbeide natt og gjere ein forskjell – kvar dag?Om stillingaFrekhaug sone 1 ved avdeling Tunet søkjer no to engasjerte og trygge nattevakter i vikariat. Hos oss får du ei viktig rolle i å sikre ro, tryggleik og omsorg for bebuarane gjennom natta, og vere ein stabil fagperson når behov oppstår.Stillingane inneber nattarbeid med helgearbeid kvar tredje helg, og passar godt for deg som trivst med sjølvstendig ansvar og faglege vurderingar. Du vil vere ein sentral del av teamet og bidra til kontinuitet og kvalitet i tenestene våre.Stillingane er på 80 % og 90 %, med oppstart snarast mogleg. Vikariata har varigheit til høvesvis 15.09.2026 og 30.10.2026.Om Frekhaug sone 1Eininga Frekhaug sone 1 gjev tenester i heimen til tenestemottakarane i form av rettleiing, råd og hjelp, samt helsehjelp til personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, autismespekterlidingar og ulike tilleggsutfordringar.Hos oss er det personen – ikkje diagnosen – som står i fokus. Vi skal skape og tilpassa tenester som gjev meistring og gode kvardagar, saman med eit sterkt og engasjert tverrfagleg miljø. Ambisjonen vår er å bli best på tenesteyting til målgruppa vår!Tunet er eit nytt og spanande bustadtilbod lokalt på Frekhaug med tett samarbeid med Miljøarbeidertensta som leverer ambulerande tenesester.Arbeidsoppgåver
Sikre ro, tryggleik og oversikt i avdelinga gjennom natta
Utføre tilsyn og følgje nattlege rutinar i tråd med gjeldande prosedyrar
Vere tilgjengeleg ved behov og handtere uventa hendingar på ein fagleg og trygg måte
Gjere observasjonar av bebuarane og setje i verk naudsynte tiltak
Dokumentere hendingar og observasjonar i journalsystem
Sikre god overlevering av relevant informasjon til dag- og kveldsvakt
Kompetanse
Offentleg godkjend helsefagarbeidar/hjelpepleiar vert prioritert. Andre med engasjement for tenesteområdet er også velkomne til å søkje
Erfaring frå tenesteyting til personar med nedsett funksjonsevne
Førarkort klasse B
God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
Kven søkjer vi?Du er ein engasjert fagperson som står støtt i utøvinga av faget ditt, og du møter både tenestemottakarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar med respekt og tryggleik. Relasjonar er ein av styrkane dine, og du skapar tillit gjennom måten du kommuniserer og samarbeider på. Samstundes er du systematisk og strukturert, og du handterer fleire arbeidsoppgåver parallelt utan å miste oversikta. Du er motivert for arbeid med målgruppa.Du arbeider sjølvstendig, men ser alltid verdien av å bidra positivt inn i arbeidsmiljøet rundt deg. Du er ein som leitar etter moglegheiter, finn løysingar og held fokus på det som fungerer. I tillegg har du gode digitale ferdigheiter og tek i bruk nødvendige digitale verktøy på ein trygg og effektiv måte.Vi tilbyr
Grundig opplæring med tett oppfølging
Tilsetjing i kapittel 4 i HTA: Assistent: 397 000 - 494 200, Helsefagarbeidar 452 500 - 528 300
God pensjonsordning i KLP
Gratis parkering
Ein ny og spennande avdeling som stadig er i vekst, der du kan vere med å forme utviklinga vidare
Eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø, med kollegaer som tar deg godt i mot og heiar deg fram
Vi er ein organisasjon i læring!Vi er AlverVi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredeOm HabiliteringstenestaHabiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/ utviklingshemming.Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.