Spesialsjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar til 100% fast stilling

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Om stillingaAvdeling spiseforstyrringar, seksjon døgn har 8 sengar og behandlar i snitt 24 pasientar pr år. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, psykiater, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiar. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar. Arbeid i 2 delt turnus og kvar 4 helgVi har ledig ein 100% fast stilling for spesialsjukepleiar frå juni 2026. Høyrest dette interessant ut oppfordrar vi deg til å søke!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.04.2026Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:Spesialsjukepleiar i 100% fast stillingStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5105654517Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere dei sjukepleiefaglege tiltaka saman med pasient og behandlingsteam
  • Du må ha interesse for, og gjerne erfaring frå arbeid med spiseforstyrringar og psykisk liding
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning
  • Relevant realkompetanse utover autorisasjon som sjukepleiar kan erstatte krav om vidareutdanning
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg svært godt
  • Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar
  • Ivareta eigne oppgåver og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte
Vi tilbyr
  • Eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Veiledning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKlikk for å leggje til kartKontaktinformasjonTalia Indrebø MellebyeKonst seksjonsleiarE-post: talia.indrebo.mellebye@helse-bergen.noSigne HaugenAvdelingssjefOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern