Ledige stillingar som fagarbeidar og miljøarbeidar i barnehage og skule
GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKST STAB
- Sandane, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Skulen - Arbeid med enkeltelevar eller i grupper og på skulefritidsordning (SFO).
- Barnehage - Arbeid med enkeltbarn og på barnehageavdeling. Må kunne jobbe med barn i alderen 0- 6 år, både på storbarn og småbarnsavdeling. Den som vert tilsett må jobbe etter rammeplan/årsplan og beste praksis. Du må medverke i høve foreldresamarbeid som del av oppgåvene.
- Vi søkjer primært etter fagarbeidar, andre utdanningar, erfaringar og bakgrunnar kan bli vurdert på lik linje med fagarbeidar.
- Utdanningar som kvalifiserar som miljøterapeutar kan og søkje på stillingane.
- Kunnskap om teikn til tale/ASK vil vere ein fordel.
- Praksis frå arbeid med barn og ungdom.
- Søkjar må vere stødig i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Positiv innstilling til arbeid med barn og ungdom med ulike hjelpebehov.
- Evne til å bidra til gode relasjonar med elevane og kollegane.
- Kunne stå i utfordrande situasjonar.
- Fleksibilitet og engasjement.
- Vilje og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Menn vert oppmoda om å søkje. Ved elles like kvalifikasjonar vert menn tilsett.
- Arbeidsplassar med fokus på fag og utvikling.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.
Else L. Bakkelid, Styrar Mona barnehage, 97095123
Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875Arbeidsstad Grandavegen 9
6823 SandaneNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5106196296
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 26.04.2026Kontaktpersoner for stillingenPer Arne StrandKommunalsjef Oppvekst+47 957 78 875Kopier telefonnummerRagnhild Laila BruvollRektor Gloppen ungdomsskule418 03 716Kopier telefonnummerElse L. BakkelidStyrar Mona barnehage97095123Kopier telefonnummerAnette StøyvaStyrar Breim barnehage46873568Kopier telefonnummerOm bedriftenGloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 - 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.SektorOffentligNettsted