Er du sjukepleiar eller vernepleiar og brenn for eldreomsorg?
LURANETUNET BU- OG BEHANDLINGSSENTER, INSTITUSJON
- Vestland
- Fast
- Fulltid
- Variert arbeid på tvers av avdelingar - du får brei erfaring og nyttar kompetansen din der behovet er størst
- Sterkt fagmiljø med eigne sjukeheimslegar, mange studentar og lærlingar
- For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- For arbeid på natt i tillegg kr 40.000 på årslønn
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre
- Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
Vi ønskjer oss deg som:
- har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar (gjerne med relevant vidareutdanning)
- har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg og demensomsorg
- er trygg, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner
- bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet og er fleksibel på ulike nattevaktlag
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum - vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som gjenspeglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:Praktisk informasjon
- Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar i store stillingar (inntil 90 %), men er fleksible på stillingsstorleik
- Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir):
- Politiattest må leggast fram før oppstart
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- Søknader blir vurderte fortløpande, så send søknad snarast