Sokneprest i Nordhordland prosti med Masfjorden sokn som tenestestad

Den norske kirke

  • Masfjordnes, Vestland
  • Opplæring
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Kunne du tenkje deg å bli den nye soknepresten for oss i Masfjorden?I Nordhordland står folkekyrkja sterkt. Prostiet er ein stad der fjord og fjell, bygd og regionsenter, tradisjon og fornying går hand i hand. Her finn du eit levande kulturliv med eit særleg rikt korps- og musikkliv og sterke frivillige miljø med folkekyrkja midt i fellesskapen.Masfjorden er ein eittsoknskommune med knappe 1700 innbyggjarar, og ligg ved E39 mellom Bergen og Sognefjorden. Vi bur i eit vakkert og variert landskap, der vegen til fine naturopplevingar er kort, anten ein likar sjølivet eller foretrekkjer fotturar i fjellet. Og vi kan glede oss over eit allsidig kultur- og aktivitetstilbod, der Masfjorden kommune er ein aktiv medspelar.Innstillinga til kyrkja er positiv blant oss som bur her. Om lag 80% av oss er medlemer i Den norske kyrkja, men også personar som ikkje er medlemer her, bidreg inn i det frivillige arbeidet på ein god måte. Oppslutninga om kyrkja sitt tilbod har synt ei god utvikling hos oss. I 2024 kunne ein registrere ein 40% auke i antal besøkjande til gudstenester samanlikna med året før.Vi meiner at det å gi dei tilsette høve til å «skine» i arbeidsoppgåver dei har særskilt interesse for eller føresetnader for, har vore ein viktig faktor i denne gode utviklinga. Dette er noko vi etter beste evne har prøvd å leggje til rette for innan dei rammene vi har hatt å forhalde oss til. Og det er ein praksis vi har intensjonar om å fylgje opp.Ein annan viktig faktor er at det under leiing av prosten er etablert eit godt fagleg samarbeid mellom prestetenesta i Gulen, Solund og Masfjorden. Ein utvekslar tenester og samarbeider om ulike ansvarsoppgåver etter nærare avtale.Kyrkjekontoret ligg i kommunehuset på Masfjordnes (om lag 53 km frå Knarvik) og er ein tett integrert del av arbeidsfellesskapet på huset. Ved kyrkjekontoret er det pr. i dag vel tre årsverk, fordelt på sju stillingar. Dette omfattar trusopplærar, konfirmantmedarbeidar, kyrkjemusikar, kyrkjegardsarbeidar, kyrkjetenar, sekretær og kyrkjeverje. Kyrkjeverja er dagleg leiar.Masfjorden sokn er delt i tre kyrkjekrinsar, med kvar si soknekyrkje - Sandnes kyrkje på Masfjordnes, og kyrkjene på Frøyset og Solheim. I tillegg er soknet eigar av Fjon fjellkyrkje, og soknepresten i Masfjorden har fast sete i rådet og styret til den frittståande foreininga Fjon fjellkyrkje og ungdomssenter, som har ansvar for drifta av fjellkyrkja.I kvar kyrkjekrins er det barnehage og kombinert barne- og ungdomsskule. Det er gjennommange år utvikla eit godt samarbeid mellom kyrkja, barnehagane og skulane. Det er også etablert eit godt samarbeid med Masfjorden kulturskule, og det same med ulike frivillige lag og organisasjonar.Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.Arbeidsoppgåver
  • Forkynne og formidle kristen tru og tanke, gjennom å leie og utvikle gudstenestelivet i kyrkjelydane
  • Leie og gjennomføre konfirmanttida i samarbeid med andre tilsette og friviljuge
  • Bidra til godt samarbeid med stab og frivillige i kyrkjelyden
  • Samarbeide med offentlege og andre samarbeidspartar i lokalsamfunnet
  • Diakonalt arbeid, mellom anna med planmessige besøk på Masfjorden sjukeheim
  • Trusopplæring og arbeid blant barn og unge i samarbeid med andre tilsette og friviljuge
  • Beredskapsvakter etter gjeldande ordning
Kvalifikasjonar
  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
  • Evne til å leie og skape engasjement i det kyrkjelydsbyggande arbeidet i samarbeid med råd og tilsette
  • Evne til å byggje lag og samarbeide, men også til å utføre ein god del sjølvstendig presteabeid
  • God formidlingsevne til alle aldersgrupper
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
  • Ei teneste med samarbeidsviljuge råd og tilsette - i dette ligg mellom anna vilje til praktisk tilrettelegging av arbeidssituasjonen, til dømes med bruk av heimekontor, i den grad dette let seg samordne med andre omsyn
  • Godt kollegafellesskap i prostiet
  • Ein unik kombinasjon av vakker natur og eit rikt kulturliv i små bygdesamfunn og gode servicetilbod i kommunen
  • Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsordning hos KLP
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
  • Arbeidsrettleiing (ABV)
Andre opplysningarDet er ein fordel å ha førarkort klasse B og disponere bil.Skriftspråket er nynorsk.Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.Kontaktinformasjon Helge Taranrød, Prost i Nordhordland, 41528318
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276Arbeidssted Austfjordvegen 2724
5981 MasfjordnesNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 5006522271
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktpersoner for stillingenTherese Nesse MokkelbostHR-sjef i Bjørgvin bispedøme93612276Kopier telefonnummerHelge TaranrødProst i Nordhordland41528318Kopier telefonnummerOm bedriftenNettsted

Den norske kirke