Miljøarbeidarar ved Fyllingsdalen videregående skole

Vestland fylkeskommune

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Arbeidsoppgåver
  • Være ein trygg vaksen som bidreg til læring, aktivitet og trivsel for elevane våre gjennom skoledagen.
  • Være med å organisere og gjennomføre aktivitetar og læringsøktar.
  • Ha tilsyn med elevane i pauser og aktivitetar.
  • Delta aktivt i dramafag og kroppsøvingstimar.
KvalifikasjonarDet er ønskjeleg med;
  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid eller helsefagarbeid, men relevant erfaring og annan kompetanse vil også bli vurdert.
  • Gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg, gjerne med tegnstøtte.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt, og for at dei skal meistre livet som sjølvstendige vaksne.
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Ønskjeleg med erfaring innan arbeid i tilrettelagt opplæring, men ikkje eit krav
  • Gyldig politiattest krevjast ved tiltreding.
Personlege eigenskapar
  • Vi treng stabile, rause og trygge vaksne.
  • Gode samhandlingsevner med både vaksne og elevar.
  • Er trygg i møte med alle elevar, sjølv om dei utfordrar
  • Høg arbeidskapasitet og motivasjon til å bidra til eit godt skulemiljø.
  • Forutsigbar og ansvarsfull
  • Positiv og godt humør.
  • Leken, aktiv og framoverlent.
Vi tilbyr
  • Ein inkluderande arbeidsplass med mykje arbeidsglede.
  • Fagleg og personleg utvikling.
  • Arbeidstid 37,5 timer/uke gjennom skoleåret (39 uker)
  • Lønn etter avtaleverket - som miljøarbeidar (stillingskode 4167, 4105 eller 4186)
Adresse: Shetlands-Larsens vei 23, Bergen, NorgeKontaktinformasjonMonica LangelandavdelingsleiarOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune