Postdoktor i terrestrisk økosystemmodellering

Universitetet i Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Postdoktor i terrestrisk økosystemmodellering.Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Postdoktor i terrestrisk økosystemmodellering.Ved er det ledig ei postdoktorstilling innan terrestrisk økosystemmodellering, med fokus på å forbetre representasjonen av lyng som funksjonell plantetype i boreale, arktiske og alpine økosystem. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, og er tilknytt forskingsprosjektet “The underappreciated roles of dwarf-shrubs in responding to and influencing global climate change” (DURIN) finansiert av Norges forskningsråd og Universitet i Bergen. for ei skisse av prosjektet og prosjektoppgåver.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Lyng er ei dominerande plantegruppe i dei boreale, arktiske og alpine bioma, og spiller viktige roller for biologisk mangfald, økologi og økosystemfunksjon i de naturtypane der dei førekjem. For eksempel gir lyng viktige matressursar for beitedyr, pollinerande insekt og menneske, og de dannar habitat for en rekke andre planter, insekt, gnagarar og fuglar. Gjennom interaksjonar med underjordiske soppnettverk (ericoid mychorriza), spiller de kritiske roller i karbonbinding og langsiktig karbonlagring i jord, og lyng kan derfor spille en viktig rolle i tilbakekoplingar frå økosystema på land til klimasystemet. DURIN vil utforske rollen lyng spiller i norske økosystemas klimaresponsar og tilbakekoplingar til klima gjennom å integrere data og kunnskap frå plantefysiologi, økologi og økosystemvitskap. Gjennom distribuerte observasjonssystem, felteksperiment og vekstkammerstudiar vil DURIN bidra med grunnleggande kunnskap om korleis klimaendringar direkte og indirekte påverkar denne viktige plantefunksjonelle gruppa, og deira økosystemfunksjonar og økosystemtenester. Den forbereda prosessforståinga vil bli integrert i landoverflate- og jordsystemmodellar for å forstå rollen og bidraget til dvergbusker i tilbakekoplingane frå terrestrisk vegetasjon til klimasystemet.Postdoktoren vil jobbe innanfor WP2 (Climate feedbacks: The CLM-FATES platform), med fokus på å forbetre representasjonen av dvergbusker som en plantefunksjonell type i terrestrisk økosystemmodell CLM-FATES. Kandidaten skal for eksempel:
  • Forbetre parametriseringa av lyng som funksjonell plantetype (PFT) i CLM-FATES og kalibrere modellen ved hjelp av DURIN-lokalitetane.  Gjennomføre modelleksperiment på regional og global skala for å utforske responsen av lyng til klimaendringar.
  • Køyre modellsimuleringar med lyng-PFT for å vurdere rollen til lyng i både biokjemiske og biofysiske klimatilbakekoplingar.
  • Lede og bidra til publikasjonar frå denne forskinga.
  • Samarbeid med andre økologar og klimaforskarar om syntese og oppskalering.
  • Bruk opne og transparente arbeidsflyter til å administrere, analysere og dele data opent.
  • Vidareutvikle CLM-FATES-plattforma
for lokale simuleringar og modell-dataintegrasjon.Dette er et samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen og samarbeidspartneren frå CICERO og Finlands meteorologiske institutt (FMI). Postdoktoren vil jobbe tett med begge institusjonane, inkludert moglegheiter for utvida arbeidsopphold ved desse institutta for modellering og analysearbeid.Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan et relevant fagområde (f.eks. Geografi, miljøvitskap, økologi, fysikk eller eit relatert fagområde), eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kunnskap og forskingserfaring med terrestrisk økosystemmodellering, landoverflatemodellering eller jordsystemmodellering er eit krav.
  • Kunnskap om plantesamfunnøkologi, økosystemøkologi og effektar av globale endringar på økosystem vil vere eit føremon.
  • Gode programmeringsferdigheiter (ideelt sett i Fortran og Python, evt. R) og ferdigheiter i å samarbeide ved hjelp av Github er eit krav.
  • Datahandteringsferdigheiter i reproduserbar open vitskapleg praksis er ein føremon.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og samarbeide effektivt med andre.
  • Søkjaren må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.Spesielle krav til stillingaUniversitetet i Bergen er underlagt forskrifta for eksportkontrollsystem. Forordninga vil bli lagt til grunn i handsaming av søknadene.Om postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er eit åremål med hovudformål å kvalifisere den som tilsettast for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader.Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Dersom stillinga er finansiert av Forskingsrådet, må følgjande tekst inkluderast: I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700 (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode
.Søknaden skal innehalde:
  • Eit søknadsbrev med ei kort motivering om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Ein forskingsskisse (maks. 2 sider) som beskriver søkjaren sine forskingsinteresser og innretning knytt til den utlyste stillinga og DURIN-prosjektet (lenke).
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • Relevante attestar.
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar, inkludert manuskript og PhD oppgåve.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til , Universitet i Bergen, vigdis.vandvik@uib.no, +4747301794 eller seniorforskar Dr. Hui Tang, Finlands meteorologiske institutt, hui.tang@fmi.fi.For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessenOm Universitetet i BergenUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. og

Universitetet i Bergen