Om stillingaPsykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med plikt til å gi augeblikkeleg hjelp. Avdelinga har omlag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.Psykiatrisk klinikk sikkerheit består av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Avdelinga tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 11 pasientar ute i eigen bustad/tiltak.I tillegg til å gi psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sjukehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.Les meir her:Vi har ledig:
1 x 100% fast stilling for vernepleiar
Startdato: etter avtale
PSK sikkerheit legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst 2 menn på kvart skift.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:06.05.2026Arbeidsgivar:Helse FørdeStad:FØRDEStillingstittel:VernepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5113008783Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Arbeid på sengepost, ambulant sikkerheitsteam, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
Gje psykiatrisk pleie og omsorg
Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling på avdelinga
Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til seksjonen
Andre oppgåver etter avtale med leiar
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som vernepleiar
Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt
Relevant erfaring er ønskjeleg
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottek gjerne hjelp
Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeidar stabilt under press
Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
Opplæring
Turnusordning med moglegheit for langvakter (12,5t)
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Svanehaugvegen 2, 6812 FØRDE, NorgeKontaktinformasjonMarianne Engh StrandosSeksjonsleiarOm arbeidsgivarenPsykiatrisk klinikk og NAV startar i byrjinga av 2019 eit samarbeidsprosjekt som skal bidra til at menneske med psykiske problem og/eller rusproblem kan komme i ordinært arbeid. Prosjektet arbeider etter metoden IPS (Individual placement and support) som forsking syner har gjeve gode resultat når det gjeld sysselsetting.