Arealplanleggar

Vestre Slidre kommune

  • Slidre, Innlandet
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaVestre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som arealplanleggar.
Stillinga er ledig frå 01.08.2024.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:06.05.2024Arbeidsgivar:Vestre Slidre kommuneStad:SlidreStillingstittel:ArealplanleggarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4797651313Sosial deling :ArbeidsoppgåverArbeidsområdet vil i hovudsak vera saksbehandling etter plan og bygningslov, oppfølging av private reguleringsplaner, førebu og legge fram saker for politiske organ. Stillinga kan og bli tillagt andre oppgåver.KvalifikasjonarSøkar bør ha relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå. Erfaring frå tilsvarande stilling er ein fordel.Ved tilsetjing vil vi legge vekt på:
  • god skriftleg og muntleg framstillingsevne
  • god IKT kunnskap
  • GIS-kompetanse
Personlege eigenskaparVI søkjer etter ein person som:
  • har gode samarbeidsevner
  • arbeider sjølvstendig og systematisk
  • fagleg engasjert
  • løysingsorientert
Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Løn etter avtale
  • Valdreskommunane har felles kartløysing og ei aktiv plangruppe som møtast og samarbeider godt.
Adresse: Slidrevegen 16, 2966 Slidre, NorgeKontaktinformasjonTerje KarlsenAvdelingsleiarOm arbeidsgivarenAndre opplysningarEit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgjeVestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Vestre Slidre kommune