100% fast stilling som helsefagarbeidar
ARDAL KOMMUNE PLEIE OG OMSORG ADMINISTRASJON
- Årdalstangen, Vestland
- Fast
- Fulltid
Arbeidsstad kan variere innanfor tenesta etter behov - noko som gir deg brei erfaring og ein dynamisk arbeidskvardag.Kvifor jobbe hjå oss?Hjå oss vert du ein del av eit miljø med høg fagleg kompetanse og eit sterkt ønske om å skape gode kvardagar for både brukarar og tilsette. Arbeidskvardagen er variert, sosial og meiningsfull - og du får kollegaer som vil deg godt og som støttar deg i det faglege arbeidet.Me jobbar aktivt med velferdsteknologi og tenester som gjer at brukarane våre kan bu lengre heime. Pasientane har ofte komplekse helseutfordringar, og du vil få rike moglegheiter til å bruke faget ditt breitt og utvikle deg vidare.Korleis blir arbeidsdagen din?Som helsefagarbeidar jobbar du tett på menneske - både heimebuande og bebuarar i institusjon. Du gir heilskapleg pleie og omsorg, bidreg til tryggleik og trivsel, og jobbar alltid med utgangspunkt i kva som er viktig for kvar enkelt pasient. Du får ansvar for journalarbeid og god kommunikasjon med både pasientar og pårørande.Du vert ein viktig del av eit team som jobbar etter prinsipp om fagleg kompetanse, tillit og god samhandling.Passar dette for deg?For å trivast og lukkast i rolla treng du:
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- førarkort
- ein meiningsfull og trygg arbeidsplass
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tilgang til bedriftshytte på Skeikampen
- løn etter utdanning og ansiennitet i tråd med hovudtariffavtalen
- årsturnus i ei døgnkontinuerleg teneste - med moglegheit for lange helgevakter
Ring oss gjerne for ein uforplikta prat - me fortel deg gjerne meir om kvifor dette er ein flott arbeidsplass.Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenMette Kleiva+47 97512679 +47 97512679Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenNår du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !SektorOffentlig