Vil du vera med å bidra til at Vindafjord kommune får gjennomført prosjekt til gode for heile kommunen?

VINDAFJORD KOMMUNE KOMMUNALTEKNISKE TJENESTER

  • Sandeid, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Vindafjord kommune har ledig ein 100% fast stilling som ingeniør/prosjektleiar.I Vindafjord kommune har me mange spennande prosjekt innan fleire fagfelt. Stillinga vil få ansvar for oppfølging av ulike prosjekt innan kommunen sin investeringsplan.Vi søkjer ein prosjektleiar som har god teknisk kompetanse og forståing, og som har eit ønskje om å løfte eigne fagområde, og kan jobba i samarbeid med kollegaer til beste for innbyggjarane.Du må vera god til å ta avgjersler, setje i verk handlingar og følgje opp gjennomføringa av desse. Det er viktig at du har evne til å støtte og rettleie i prosjektgjennomføringa, og at du har positiv innverknad på dine omgjevnader.Stillinga er ein del av kommunaltekniske tenester som er lokalisert på teknisk bygg i Sandeid. Her jobbar ein samansveisa gjeng med både drift- og prosjektleiingsoppgåver. Kva får du jobba med hos oss?
  • Prosjektering av bygg, veg og VA-prosjekt.
  • Følgje opp og ha kontakt med konsulent ved prosjektering av større prosjekt.
  • Utarbeida anbod og gjennomføra anbodskonkurransar
  • Utarbeide kontrakt, SHA- og HMS-dokumentasjon
  • Følgje opp prosjekt og løysa praktiske utfordringar som dukkar opp undervegs
  • Prosjektstyring, økonomioppfølging og rapportering på eigne prosjekt
  • Dokumentere utført arbeid og følgje opp entreprenørar
  • Sikre god overføring frå prosjekt til drift.
  • Grunnforhandlingar
  • Publikumskontakt
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for fleksitid
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (
). * Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kvalifikasjonar:
  • Relevant ingeniørutdanning eller teknisk fagskule, eller liknande relevant utdanning og erfaring.
  • Prosjektleiarerfaring, god økonomiforståing og erfaring med kostnadsestimering og oppfølging
  • God digital forståing og effektiv bruk av moderne arbeidsverk
  • Trivst med å ta ei aktiv rolle i samarbeid med andre og kommuniserer godt med interne og eksterne aktørar
  • Du må ha førarkort for personbil
  • Erfaring frå kommunal sakshandsaming er ein fordel
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
  • God samarbeidsevne og positiv serviceinnstilling
  • Resultatorientert, med evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Du tar initiativ og held deg fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar vil bli vesentleg vektlagt. Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenBerit Fyljesvoll Haugsland+47 91350468Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten - her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.SektorOffentlig

VINDAFJORD KOMMUNE KOMMUNALTEKNISKE TJENESTER

Lignende stillinger

  • Spennande stilling som kreftkoordinator i Vindafjord kommune

    VINDAFJORD KOMMUNE HELSE

    • Ølen, Rogaland
    Vil du gjer ein forskjell for mennesker i ein sårbar livssituasjon? Etter mange år i tenesten går ein av våre fast tilsette over i pensjonistenes rekkjer, og me søkjer derfor ein…
    • 6 dager siden
  • Bli en del av Laget rundt barnet i Tysvær kommune?

    TYSVAER KOMMUNE BARNEHAGESJEFEN

    • Aksdal, Rogaland
    Vi ser etter deg som brenner for barns utvikling og læring, og som ønsker å bidra til å skape et trygt og stimulerende miljø for barna. Fra 15. august 2026 har vi behov for pedagog…
    • 3 dager siden
  • 100% sommarjobb i kommunaltekniske tenestar

    VINDAFJORD KOMMUNE KOMMUNALTEKNISKE TJENESTER

    • Sandeid, Rogaland
    Me søker: Me søker deg som vil vera sommarvikar på enten byggavdeling/grøntområder eller Vatn, Avlaup, Veg. Arbeidsoppdraga kan vera i heile kommunen, men med oppmøte/base på S…
    • 16 dager siden