Miljøterapeut 100% fast
Bufetat Se alle jobber
- Søfteland, Vestland
- Fast
- Fulltid
- Til ei kvar tid halde deg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg og juridisk rammeverk.
- Utarbeiding og oppfølging av planar i samarbeid med ungdom.
- Motivera og engasjera ungdomane i endringsarbeid, samt sikre at ungdomane får medverka i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
- Samarbeid med familie og nettverk, helseinstansar, kommune, skule og andre viktige instansar.
- Delta i overlapping ved vaktskifte, ha ansvar for praktiske oppgåver og rutiner i institusjonen.
- Kartlegging, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
- Hovudkontaktansvar
- Ha ekstra ansvarsområder innafor blant anna tryggleik, helse, skule, familie, kartlegging, brannvern, motiverande intervju/samtale med meir.
- Praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vakten.
- Delta i overlapping ved vaktskifte, praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon knytt til arbeidet.
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, med hovedsakleg 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
- Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
- Du har gode evner til å bygge relasjonar
- Du har evne til å la deg engasjera, og kan engasjera og motivera andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
- Du er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 - 690 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 - 690 000 pr. år.
- Løn vurderast i henhald til utdanning og arbeidserfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.