Er du ein leiar som skaper energi, retning og framdrift?
SPAREBANK 1 SOGN OG FJORDANE AVD SOGNDAL
Sogndal, Vestland
Fast
Fulltid
1 dag siden
Likar du å samle folk, skape framdrift og få ting til å skje? Då kan dette vere rolla for deg.Vi ser etter ein banksjef som kombinerer tydeleg leiing med ekte engasjement for folk, marknad og lokalsamfunn. Du er ein leiar som ser medarbeidarane dine, set retning og sørgjer for framdrift i kvardagen.Som banksjef får du ei sentral leiarrolle med stor påverknadskraft. Du blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement, og du får høve til å forme retning, kultur og resultat i ein viktig marknad for banken.Dette er ei stilling for deg som er ein trygg og tydeleg leiar, og som er god med folk. Du trivst med personalansvar og får energi av å skape resultat gjennom tydeleg leiing, god oppfølging og kloke prioriteringar. Du har høgare utdanning på minimum bachelornivå, og du er stødig i økonomi og marknad, og forstår samanhengen mellom korleis dette gir retning og skapar resultat.Du bryr deg om lokalsamfunnet, og i denne rolla jobbar du saman med sponsorata og samarbeida våre for å skape aktivitet, utvikling og vekst i regionen.På kontoret i Sogndal blir du ein del av eit sterkt miljø med dyktige kunderådgjevarar og stort engasjement. Du jobbar tett med kunderådgjevarane dine og er nær både kundar og marknaden rundt deg. Du får handlingsrom til å utvikle teamet vidare, styrke marknadsposisjonen og skape gode kundeopplevingar i regionen. Samtidig er du tett kopla på resten av banken og samarbeider godt med leiargruppa for personmarknad i den vidare utviklinga.Sentrale arbeidsoppgåver I denne rolla får du ansvar for drift, utvikling og retning for personmarknaden i Sogndal og regionen rundt. Du blir ein operativ leiar som både følgjer opp salsarbeidet og utviklar folk, prosessar og kvalitet.
Ansvar for drift og strategisk utvikling av personmarknaden
Lede, følgje opp og utvikle medarbeidarane dine
Sikre kvalitet og god internkontroll
Vere ein aktiv bidragsytar i leiargruppa for personmarknad
I tillegg til ei spennande leiarrolle får du dette hos ossSom fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Alle nytilsette får tildelt eignekapitalbevis første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK bevis. Du får funksjonærlån med god rente og gode vilkår på sparing og forsikring. I tillegg kjem velferdsgoder som leilegheiter og bedriftshytter.Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt med Linda Vøllestad Westbye eller Regine Gausemel.Vi kontakter aktuelle kandidatar fortløpande, så ikkje vent for lenge med å sende inn søknaden. Vi tek likevel ikkje den endelege vurderinga før fristen er ute, slik at alle blir vurderte på same grunnlag.Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, og søkarar som går vidare i prosessen vil få nærare informasjon om dette i forkant. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS.Kontaktperson for stillingenLinda Vøllestad WestbyeDirektør personmarknad976 72 504Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSektorPrivat