Ph.d.-stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs
Nordland fylkeskommune Se alle jobber
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i ingeniørfag, informatikk, matematikk eller fysikk. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Programmeringsferdigheiter, til dømes Fortran eller C++, er eit krav.
- Kompetanse innan teorien til den finite-element method er ein fordel.
- Kompetanse innan teorien til numerical optimization er ein fordel.
- Erfaring frå eller kompetanse innan high-performance computing er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha framifrå skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik svare til 25 % av tida kvart år.Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.