Leiar for dokumentsenteret
- Leikanger, Vestland
- Fast
- Fulltid
- Leiing og vidareutvikling av dokumentsenteret
- Personalansvar og oppfølging av medarbeidarane
- Ansvar for dokumentforvalting og arkivfunksjonar
- Systemansvar for Altinn og sak-arkivsystemet Elements
- Vidareutvikling og automatisering av rutinar, prosessar og kvalitet innan dokumenthandtering
- Bidra til etterleving av arkivlova, offentleglova, forvaltningslova og anna relevant regelverk
- Rådgjeving og støtte til leiarar og fagmiljø i organisasjonen
- Bidrag i utviklings- og digitaliseringsarbeid
- Samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Andre oppgåver knytt til eininga sine ansvarsområde
- har relevant høgare utdanning (minimum bachelor)
- har leiarerfaring med personalansvar
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- erfaring med digitale sak- og arkivsystem
- erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
- utøver tydeleg, trygg og tillitsbasert leiing
- er utviklingsorientert og løysingsfokusert
- arbeider strukturert og målretta
- har gode samarbeidsevner
- har evne til å sjå heilskap og prioritere
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- høve til heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
6863 LeikangerNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5108966603
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2026Kontaktperson for stillingenSvein Helge Steinsakerseksjonsleiar+47 90895078Kopier telefonnummerOm bedriftenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.SektorOffentlig