Juridisk rådgjevar

Vestland fylkeskommune

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Om stillingaAvdeling Eigedom og utbygging (EIU) er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utbygging av fylkeskommunen sine eigedomar. I tillegg har avdelinga ansvar for utbygging av Bybanen sin infrastruktur. Avdelinga er delt inn i 5 seksjonar; Stab og forvaltning, System og utvikling, Drift og vedlikehald, Utbygging og Bybanen Utbygging.Seksjonen stab og forvaltning har ansvar for kjøp og sal av eigedom, leigeavtalar for både bygg, kollektivknutepunkt og grunnareal, grunnerverv, innkjøp, økonomi, personaloppgåver og kontordrift.Vi har no ledig stilling som juridisk rådgjevar i Stab og forvaltning. Seksjonen består av 22 tilsette, der 5 er juristar. Arbeidsstad kan vere Bergen eller Leikanger.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:14.09.2025Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStillingstittel:Juridisk rådgjevarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5005622411Sosial deling :ArbeidsoppgåverDu vil jobbe sjølvstendig og i team med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar innafor eigedomsrett, men òg innafor tilstøytande rettsområde. Oppgåvene vil mellom anna bestå av:
  • Forhandling, utforming, inngåing og oppfølging av avtalar knytt til eigedomane våre
  • Utleige og innleige av lokale og eigedomar
  • Kjøp og sal av eigedomar
  • Koordinering og samhandling mellom interne einingar for å sikre gode løysingar og effektiv sakshandsaming
  • Juridiske utgreiingar og rådgjeving i enkeltsaker
  • Svare på spørsmål frå offentlege etatar og private om eigedomane våre
  • Skrive framlegg i saker som krev politisk godkjenning
Kvalifikasjonar
  • Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • Det er ønskeleg at du har kunnskap og erfaring frå kjøp, sal, utleige og forvaltning av eigedomar
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
  • Du er nysgjerrig, tileignar deg ny kunnskap raskt og trivst med å dele den
  • Høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
  • Spanande og varierte oppgåver
  • Eit inkluderande og tverrfagleg miljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
Adresse: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, NorgeKontaktinformasjonGuro KlyveseksjonssjefOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Juridisk rådgjevar

    Vestland fylkeskommune

    • Bergen, Vestland
    Avdeling Eigedom og utbygging (EIU) er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og ut…
    • 10 dager siden
  • Bergen Havn søker vikariat som Juridisk rådgiver

    BERGEN HAVN AS

    • Bergen, Vestland
    Vi søker juridisk rådgiver i et vikariat, for å håndtere Bergen Havn sine oppgaver og myndighet etter havne- og farvannsloven. Det innebærer behandling av søknader om tiltak i sjø …
    • 2 dager siden
  • Juridisk rådgjevar

    Vestland fylkeskommune

    • Bergen, Vestland
    Arbeidsoppgåver Du vil jobbe sjølvstendig og i team med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar innafor eigedomsrett, men òg innafor tilstøytande rettsområde. Oppgåvene…
    • 9 dager siden