Backend-utvikler

Tolletaten

  • Oslo
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Teknologar mot smuglingNarkotika, våpen, falske legemiddel, giftig mat, miljøskadelege stoff og dyresjukdommar er berre nokre av truslane Tolletaten bidreg til å kjempe mot. Dei kriminelle miljøa blir stadig meir avanserte, og Tolletaten utviklar derfor spesialiserte IT-løysingar på fagområda etterretning og dataanalyse.
Samtidig vil Tolletaten at både privatpersonar og norsk næringsliv som ønskjer å gjere rett, skal oppleve at det er lett og effektivt å flytte varer over grensa. Også her er teknologien i stor og spennande utvikling, og vi jobbar no med å automatisere stadig fleire prosessar i tett samarbeid med næringslivet. Det inkluderer løysingar for effektiv og avansert datainnsamling, risikovurdering og detektering av transportar på grensa mellom anna ved hjelp av GPS, skiltlesing og røntgenskannarar.Bli kjend med IT-divisjonen i Tolletaten
Vi er ca. 150 personar med tilsette og konsulentar. Vi meiner sjølve at vi er passe store, slik at du som kollega her vil ha eit miljø som er stort nok for fagleg utvikling og inspirasjon, men samtidig lite nok til at du kan vere med og påverke og kjenne til det som skjer.
Teknologistacken vår for eigenutvikling er basert på Java og er under stadig modernisering. Vi har ein Spring Boot-basert mikrotenestearkitektur med mikrofrontends i React. Kafka og Kotlin er tekne i bruk, og vi har lenge jobba med ein robust, hendingsorientert arkitektur. Andre stikkord for metodikk og teknologi er OpenShift, DevOps og sikker utvikling. Vi jobbar i smidige, kryssfunksjonelle team og har tru på automatisering, på eit heilskapleg bilete på data i organisasjonen og på at vi skal bli stadig betre på kontinuerlege leveransar.
Vi har (som mange andre) òg nokre løysingar som er eit stykke ut i livsløpet. Tvinn er den absolutt viktigaste av dei. Tvinn er systemet som blir brukt til å behandle 8,5 millionar tolldeklarasjonar i året, og som dermed sørgjer for at handel over grensene våre fungerer. Tvinn-porteføljen består av ei blanding av litt eldre, gjennomprøvde komponentar og heilt nye tenester som er baserte på moderne teknologi. Vi er ein gjeng som bryr oss om produktet vårt, og vi treng ein utviklar med på laget. Vi søkjer deg som blir trigga av kompleks forretningslogikk, og som liker å forbetre og automatisere utviklings- og driftsprosessar. Du vil få rom til å nytte kreativiteten din og til å bruke ulike verktøy i arbeidet.
Vi ønskjer å komme i dialog med deg som opplever at noko av dette triggar deg!Vi søkjer no etter ein triveleg backend-utviklar
Du er glad i Java og liker å jobbe strukturert. Du trivst med å jobbe i team, og det er ein fordel at du har erfaring med relasjonsdatabasar.Hos oss vil du:
  • inngå i eit velfungerande, tverrfagleg team som jobbar saman for å gi brukarane internt og eksternt størst mogleg nytteverdi
  • delta i opplæringsprogrammet Baktus for å bli kjend med Tolletaten og andre team og for å få fagleg utvikling
  • jobbe tett med fagsida, besøkje brukarane som nyttar løysingane du lagar, og samarbeide med fagekspertane rundt teamet
  • vere involvert i teknologi- og arkitekturval og delta i eit fagmiljø som vi kontinuerleg vidareutviklar og styrkjer
  • vere med på å bidra til viktig samfunnsvern og verdiskaping for norsk økonomi
Kvalifikasjonar:
  • høgare relevant utdanning, minimum bachelorgrad - svært relevant erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
  • minimum 4 års erfaring frå tilsvarande arbeid
  • erfaring som utviklar på ei moderne Java-basert utviklingsplattform
  • god kjennskap til smidig utvikling og organisering i tverrfaglege team
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
Vi ser etter deg som føler at fleire av følgjande punkt beskriv deg:
  • Du trivst godt i ei samansveisa dynamisk gruppe.
  • Du blir motivert av å automatisere og forbetre arbeidsprosessar og tenester.
  • Du har gode samarbeidsevner og kan jobbe konstruktivt med teknologar, avgjerdstakarar og brukarar.
  • Du er interessert i å lære deg eit spennande og omfattande domene.
Vi tilbyr:
  • lønn som rådgivar (kr 548 600-745 000, ltr. 56-74) / seniorrådgivar (kr 745 000-966 300, ltr. 74-85) - for godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • gode høve til kontinuerleg fagleg utvikling og kursing
  • godt miljø i og på tvers av team
  • svært sentrale arbeidslokale i Oslo, eitt på Tollbukaia ved Oslo S og det andre rett ved Helsfyr T-banestasjon, og høve til å treffe brukarar som held til på spennande stader i heile landet
  • gode arbeidstidsordningar som fleksitid, sommartid og høve til å trene 1 time i veka (arbeidstida inkl. lunsj er 7 timar om sommaren og 7 timar og 45 minutt om vinteren)
  • høve til å gjere noko arbeid frå heimekontor
  • pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Vi nyttar SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte seniorrådgivar Inger-Anne Endresen på tlf. 938 44 520 eller seksjonssjef Lars Reed på tlf. 928 69 722.
Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss jobb.toll.no.Bakgrunnssjekk
Vi benytter Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidater.Krav til søknaden
Fyll ut feltene "Utdannelse" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attester.Inkludering og mangfold
Tolletaten er opptatt av mangfold og ønsker å være en inkluderende arbeidsplass som gjenspeiler befolkningen. Vi har behov for medarbeidere med ulike bakgrunner, erfaringer, kompetanser og perspektiver for å løse vårt samfunnsoppdrag. Vi oppfordrer derfor alle kvalifiserte kandidater til å søke. Dersom det er kvalifiserte kandidater med funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, vil vi kalle inn minst én søker fra hver av disse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søker i disse gruppene (bli positivt særbehandlet), må du oppfylle visse krav. Du kan lese mer om positiv særbehandling på .Arbeidsområde: IT og digitaliseringHeltid/Deltid: HeltidStillingstype: FastBy:Oslo, NO, 0152 Oslo, NO, 0663Søknadsfrist: 28. april

Tolletaten