Om stillingaPå Årås skule er det ledig 100% vikariat som fagarbeidar med 11% trekk frå 01.10.2025 til 16.02.2026.Årås skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 269 elevar og 48 tilsette. Skulen er organisert i team - eit for kvart hovudsteg. Vi har fokus på eit godt klassemiljø som føresetnad for eit godt læringsmiljø, og oppfølging av elevane si læring og utvikling.Årås skule er ein PALS og MOT-skule.Arbeidsoppgåver
Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper i deira skulekvardag, både fagleg og sosialt, i undervisningssituasjonar, friminutt, på SFO og på leksehjelp
Vere aktivt til stades saman med elevane, organisere og sette i gang leik og aktivitetar med elevgrupper
Bidra til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap blant elevane
Samarbeide med føresette
Samarbeide tett med andre lærarar, fagarbeidarar, rådgjevar og skuleleiinga
Kvalifikasjonskrav
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Erfaring frå arbeid i skulen eller anna arbeid med barn og ungdom
Kven ser vi etter? Personlege eigenskapar:Du er flink til å etablere gode relasjonar til barn/ungdom og er ein tydeleg vaksenDu er trygg, omsorgsfull og har godt humørDu er kreativ og har ei positiv innstilling til dei arbeidsoppgåvene som skal utførastDu har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med elevar, føresette, kollegaar og leiingaDu er strukturert, fleksibel og løysingsorientertDu har høg arbeidskapasitet og bidrar aktivt til et godt arbeidsmiljøDu er glad i og motivert for fysisk aktivitetDu deltek aktivt i leik og andre aktivitetar med barnDu er god til å organisere turar og turaktivitetar i nærmiljøetMe tilbyr
Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Engasjerte og dyktige kollegaer
Eit positivt læringsmiljø med fokus på utvikling
Heim til AustrheimMe bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim. Sletting av studielån for innbyggjarar i Austrheim kommuneEr du busett i Austrheim kommune og i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Oppteninga startar 1. januar 2025, noko som betyr at fyrste mogleg gjeldssletting vil vere 1. januar 2026. Lånet kan slettast med 25 000 kroner kvart år så lenge du er yrkesaktiv og bur i kommunen, til heile lånet er nedbetalt.Ordninga gjeld for alle som er yrkesaktive og bur i éin av dei 189 kommunane som frå 1. januar 2025 er klassifiserte på sentralitetsnivå 5 eller 6, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette omfattar òg personar som flyttar til ein av desse kommunane etter denne datoen.Tiltaket gjeld all type utdanningsgjeld, uavhengig av når lånet vart teke opp.Kjelde:. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgKontaktperson for stillingenBodil Boie BrekkanRektor+4741667755Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenAustrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!SektorOffentligNettsted