Einingsleiar - Valldal-Eidsdal omsorgstenester

Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

  • Sylte, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Om stillingaVil du vere med å utvikle framtida si omsorgsteneste i Fjord kommune?
Då vår einingsleiar har gått med pensjon, søkjer ein tydeleg, engasjert og utviklingsorientert leiar til eininga Valldal-Eidsdal omsorgstenester.Om Fjord kommune
Fjord kommune er kjend for sterk dugnadsånd, trygge lokalsamfunn og eit unikt naturmiljø der fjord og fjell møtest. Kommunen satsar aktivt på kvalitet i tenestene og eit inkluderande arbeidsmiljø, der både medarbeidarar og leiarar får høve til å utvikle seg.Om tenesta
Valldal-Eidsdal omsorgstenester omfattar i dag:
  • Institusjonsteneste - Valldal sjukeheim
  • Valldal heimeteneste - heimesjukepleie og bemanna omsorgsbustader
  • Eidsdal heimeteneste - - heimesjukepleie og bemanna omsorgsbustader
  • Sentralkjøkken for Fjord kommune
Verksemda har i dag ei eiga leiargruppe beståande av fire dyktige teamleiarar.I tillegg vil Fjord habilitering frå 2027 bli ein del av eininga. Medarbeidarane i tenesta er stolte av arbeidet sitt og leverer viktige tenester til innbyggjarane våre i alle fasar av livet. Som einingsleiar får du ei sentral rolle i å vidareutvikle ei teneste i god utvikling, i tett samarbeid med dyktige teamleiarar og fagpersonar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:26.04.2026Arbeidsgivar:Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneStad:Sylte, VALLDALStillingstittel:Einingsleiar - Valldal-Eidsdal omsorgstenesterStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5100462309Sosial deling :ArbeidsoppgåverSom einingsleiar har du heilskapleg ansvar for:
  • Fag, tenestekvalitet og vidare utvikling av tenestetilbodet
  • Personal og arbeidsmiljø
  • Økonomi- og ressursstyring
  • God samhandling med teamleiarar, og støtte til desse i arbeid med
  • turnusplanlegging
  • rekruttering og tilsettingsprosessar
  • oppfølging av arbeidsmiljø og medarbeidarar
  • Bidra til innovasjon og digital utvikling i tenesta
  • Vere ein aktiv del av leiargruppa i sektoren og i kommunen som heilskap
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleier og gjerne relevant leiarerfaring
  • Erfaring frå fagfeltet og gjerne kommunal sektor
  • God IKT-kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framtillingsevne
Ønskeleg med:
  • Erfaring innan økonomiarbeid
  • Eidareutdanning innan helse- og sosialadministrasjon, evt. anna relevant leiar/økonomiutdanning
Personlege eigenskaparVi ser etter ein leiar som:
  • Er tydeleg, trygg og inkluderande
  • Evnar å skape tillit og gode relasjonar
  • Har god gjennomføringsevne og struktur
  • Tenker løysingsorientert og strategisk
  • Har eit genuint engasjement for omsorgstenester og kvalitet for innbyggjarane
Vi tilbyr
  • Ei spennande og utviklingsorientert leiarstilling
  • Moglegheit til å påverke og forme framtidas omsorgstilbod i Fjord kommune
  • Dyktige medarbeidarar og godt samarbeid med erfarne teamleiarar
  • Varierte arbeidsoppgåver og høve til leiarutvikling
  • Konkurransedyktige vilkår
Adresse: Valldal sjukeheim, Olavsgata 34, 6210 Sylte, NorgeOlavsgata 10
6210 VALLDAL
NorgeKontaktinformasjonSindre Søvik ErstadKommunalsjef Helse, Omsorg og VelferdOm arbeidsgivarenFjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via

Helse, omsorg og velferd Fjord kommune