Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.Geiranger omsorgssenter har ledig:
15% fast stilling som heimehjelp frå 01.05.2026
Kvifor velge oss:
Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
God variasjon i oppgåver og utfordringar
Fokus på trivsel og arbeidsglede
God fastløn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:26.04.2026Arbeidsgivar:Stranda kommuneStad:GeirangerStillingstittel:Heimehjelp Geiranger distriktStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:15Webcruiter-ID:5095924194Startdato:01.05.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Reinhald og praktisk bistand til heimebuande
Reinhald på omsorgssenteret
Kvalifikasjonar
Alminnelege datakunnskapar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Personleg eignaheit vektleggast
Personlege eigenskapar
Fleksibel og løysingsorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig
Samarbeidar godt med kollegaer, brukarar og pårørande
Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
Interesse for faget
Vi tilbyrI stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.Adresse: Maråkvegen 36, 6216 Geiranger, Norge