Vi søker en fagleg sterk sjukepleiar / vernepleiar, med ansvar for fagområde
SVEIO OMSORGSSENTER SJUKEHEIMEN
Sveio, Vestland
Fast
Fulltid
3 dager siden
Om stillingaMe søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter i fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar med ansvar for fagområde, i 2 delt turnus, med ønskja stillingsstorleik på 75-100%. Fagområdet du får ansvar for vert tilpassa din kompetanse, også for nyutdanna. Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. Pleie og omsorg er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar. Sjå gjerne på vår Instagramkonto; #SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.Arbeidsoppgåver
Medisinfaglege oppgåver og ansvar i tråd med kompetanse
Ansvar for fagleg utvikling innafor eige fagområde
Koordinering og oppfølgning av faglege prosessar og aktivitar, knytt til ditt fagområde
Tverravdelings samarbeid for å styrke heilskapleg kvalitet
Samarbeid med pårørande, lege og spesialisthelsetenesta
Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling
Pådrivar for at brukarar opplever tryggleik og meistring
Kvalifikasjoner
Autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar
3. års studentar oppmodast til å søkje
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Erfaring frå sjukeheim er ønskjeleg
Tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:
Er fleksibel, nysgjerrig og orientert mot løysingar
Er fagleg interessert og held deg oppdatert
Er trygg i rolla og møter utfordringar med ro og profesjonalitet
Arbeider sjølvstendig, men er og ein sterk lagspelar
Kan strukturere og prioritere i en variert kvardag
Ser verdien av tverrfagleg samarbeid
Har gode haldningar og set brukar i sentrum
Kommuniserer godt, både med kollegaer, brukarar og pårørende
Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar
Me tilbyr
Fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar 75 - 100% stilling, etter avtale
Funksjonstillegg knytt til fagområde
En lærande arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid
Moglegheit for vidareutdanning
Faste fagmøter for sjukepleiarar / vernepleiarar
Godt arbeidsmiljø med fokus på nærvær og fagleg kvalitet
Gode moglegheiter for utvikling - både fagleg og personleg
Faste sosiale arrangement
Kontaktpersoner for stillingenAnne Kristin Brurberg OlsenAvdelingsleiar+4748480864Kopier telefonnummerKopier e-postadresseCamilla SelbakEiningsleiar Pleie- og omsorg+4795154037Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.SektorOffentligNettsted