Helgestilling, i inntil 18% (Dalsøyra)

Gulen kommune

  • Byrknes, Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 8 dager siden
Helgestilling, i inntil 18% (Dalsøyra)Sone Brekke, Byrknes og DalsøyraOm stillingaArbeidsoppgåver
  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Samhandle/kommunisere med pårørande
  • Samhandle tverrfagleg med; lege, fysioterapeut, ergoterapeut og liknande
  • Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg.Kvalifikasjonskrav
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Om ossGulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå for meir informasjon.

Gulen kommune