Operatørar Stålutrustning

Ulstein Verft AS

  • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaVil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire operatørar i teamet vårt.Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging og skipsoppgradering. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg. Intervju vil bli gjennomført fortløpande.Korleis er det å jobbe i Ulstein Verft?
Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spanande og utfordrande oppgåver som skal løysast og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak foregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, påliteligheit og leveringspresisjon.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.04.2024Arbeidsgivar:Ulstein Verft ASStad:UlsteinvikStillingstittel:Operatørar StålutrustningHeiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4788021150Sosial deling :Oppgåver du vil jobbe medArbeidsoppgåvene er varierte, og kan blandt anna innebere:
  • Bruk av tyngre bearbeidingsutstyr som brennemaskin, valse, knekke, sager, mm
  • Montering og sveising av ulike typer dekksutrusting som kraner og vinsjar
  • Bygging, sveising og montering av fundament
  • Bygging, sveising og montering av større stålkonstruksjonar
  • Reparasjon og vedlikehald av fartøy
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettareDet er ønskelig med relevant fagbrev, t.d. som industrimekanikar eller platearbeidar.Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene våre.Lagånda står sterkt i Ulstein og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.Kvifor velje Ulstein som arbeidsplassUlsten Verft byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikringss- og pensjonsordnignar og fleksitidsavtale for våre tilsette.I hjartet av SunnmøreOm du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i SunnmørsalpaneAdresse: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik, NorgeKontaktinformasjonStig SlettebakkDepartment Manager Outfitting & SteelOm arbeidsgivarenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Ulstein Verft AS