
Ledige stillingar som fastlege
- Stranda, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Vikariata er ledige frå medio oktober 2025 til hausten 2026 med muligheit for forlenging.Vi søkjer etter spesialistar i allmennmedisin eller legar under spesialisering (ALIS).
Legestillingane er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett.
Listetak pr. i dag er 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS.Legekontor er eit veldrive legekontor og vi har idag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling.
Vi nyttar journalsystemet PasientSky.Kvifor velge oss:
- Godt arbeidsmiljø med erfarne legar og stabilt og velutdanna hjelpepersonell
- Spanande arbeidskvardagar med god variasjon i allmennmedisinske utfordringar
- Ei utfordrande og variert stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Regelmessig internundervisning
- Kontoret har kultur for "opa dør"-prinsipp for rettleiing
- God fastløn og 15 % omsetningsløn
- Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke
- Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke
- Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag.
- Kommunen dekkjer kursutgifter / oppretthalding av spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II
- Kommunen er godkjent utdanningsverksemd
- Vi tilbyr ALIS-avtale og tilrettelegging for spesialisering innan allmennmedisin
- Ved ALIS-avtale tilbyr vi erfarne rettleiarar
- Interkommunal legevaktordning med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell.
legevakta er timeløna som sjølvstendig næringsdrivande * Vi er behjelpeleg med å finne bolig
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode moglegheiter til å kombinere jobb og eit aktivt friluftsliv med unik natur, fjord og fjell
- Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
- Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg
- Førarkort for personbil
- Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Fleksibel
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt