Sommarjobb Bømlo bu- og helsesenter
Bømlo kommune Se alle jobber
- Bømlo, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 11 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar. Avdelinga har tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta.
- Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 25 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. Avdelinga har eit tett tverrfagleg samarbeid med blant anna lege og ergo-fysioterapitenesta. Avdelingane kan tilby langvaktsturnus til vikarar over 18 år som ønskjer å jobbe 2- 3 langvakter med påfølgjande friperiodar.
- Kjøkkenet har ansvar for å produsere middag til heimebuande og dei som bu på institusjonane. I tillegg har desse ansvar for kantinedrift på helsehuset og rådhuset.
- Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag, og treng reinhaldsassistentar i sommar.
- Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
- Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
- Assistentar til korttid- og og langtidsavdelingane.
- Kokk/kjøkkenassistent til kjøkkenet.
- Assistentar til reinhald.
- Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon.Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.