Tilkallingsvikarar / helg og evt. vikariater, BPA

Time kommune

  • Bryne, Rogaland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 15 dager siden
Er du på jakt etter ein jobb der du kan kombinera det å spreia humor, galskap og glede saman med brukar? Kom og jobb med oss, då vel!BPA står for brukerstyrt personleg assistent, i Time kommune arbeidar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag. Som brukarstyrt personleg assistent jobber du tett på i heimen til den du skal hjelpa. Enten er brukar sjølv arbeidsleiar i si ordning, eller ein som er i nær relasjon til brukar.BPA høyrer inn under Miljøtenesta i Time kommune. Me har ulike brukarar av tenesta med ulike behov. Fra tid til annen skal dei faste ansatte ta ut fri, og det er da behov for gode vikarar som kan trø til.Ta ein kikk på videoen og sjå om ikkje dette kan vera midt i blinken! https://youtu.be/BMf3to1nFWQKvar enkelt BPA ordning har individuelle behov, og med ulike arbeidstider. Det er behov både dag, kveld, natt i vekedagar og helg, mogleg det og blir ledige vikariat.
For tida har me 7 ulike BPA ordningar i kommunen.Ta kontakt ved fleire spørsmål. Intervju skjer fortløpande.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.12.2025Arbeidsgivar:Time kommuneStad:BryneStillingstittel:TilkallingsvikarStillingar:10Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:AnnaStillingsprosent:0Webcruiter-ID:4935626512Sosial deling :ArbeidsoppgåverHjelp ifbm personleg hygiene, timeavtaler, skole, fritidsaktiviteter o.l.
Hjelp ifbm medisin, handling av daglegvarer, bistå i reingjering i heimen.
Legge til rette for ein god kvardag for brukar.KvalifikasjonarDet er ingen krav til utdanning som brukarstyrt personleg assistent. Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Personleg eigenskapar vil bli vektlagt, arbeidsleiar er med på tilsettingsprosessen.Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Adresse: Rådhuset, Arne Garborgsveg 30, 4340 BryneKontaktinformasjonTove Merete VorlandAvdelingsleiarE-post: tove.merete.vorland@time.kommune.noAnita åsavd.lederE-post: anita.as@time.kommune.noOm arbeidsgivaren"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Time kommune