100% stilling som avdelingsleiar ved Jondal skule

JONDAL SKULE

  • Odda, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 timer siden
Ledig fast stilling som avdelingsleiar - stillingsstorleik 100 %, frå snarastInfo om skulen:Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule, fjell og fjord. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått mange nybygg. Skulen har over 130 elevar, og eigen SFO-avdeling med rundt 30 elevar. Me har rundt 30 engasjerte og fagleg dyktige tilsette, som er opptekne av å skapa eit godt læringsmiljø for alle elevane.Arbeidsoppgåver:Du vert ein del av leiarteamet vårt som er sett saman av rektor og to avdelingsleiarar. Avdelingsleiaren me lyser etter vil få oppgåver knytt til dagleg drift både på skule og SFO, medansvar for å leia personal, oppfølging av elevsaker, og pedagogisk utviklingsarbeid. Du vil få ansvar for vikararbeid i samarbeid med den andre avdelingsleiaren. Stillinga inneber 50% leiing og 50% undervisning.Kvalifikasjonar:Godkjent lærarutdanning og undervisningserfaringGod kjennskap til, og forståing for digitale systemHar leiarerfaring frå førPersonlege eigenskapar vil bli vektlagtDu må ha ynskje om å ta vidareutdanning i leiing om du ikkje har detPersonlege eigenskapar:Har god pedagogisk forståing og er oppteken av skuleutvikling på alle planEr strukturert, held oversikt og ser gode og effektive løysingarLikar å leia andreEr god på samarbeid, relasjonsbygging og kommuniserer godt med skulen sine tilsette, elevar og føresetteHar god formidlings- og gjennomføringsevneEr oppteken av elevane si læring, mestring og utviklingEr sjølvstendig, fleksibel og omstillingsdyktigKan handtera periodar med stort arbeidspressTrygg, med godt humør og pågangsmotMe tilbyr:Eit godt arbeidsmiljøVarierte arbeidsoppgåverGodt pedagogisk utviklingsmiljøLønn etter hovudtariffavtalenGode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunenUllensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.Hjelp til å finna bustadKrav:PolitiattestSletting av utdanningsgjeld/studielån:Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e-post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenSarah Marie Røstbø+47 95122615 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriften- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49SektorOffentlig

JONDAL SKULE

Lignende stillinger

  • 100% stilling som lærar ved Opedal skule

    • Odda, Vestland
    100% fast stilling som lærar på Opedal skule i Ullensvang kommune. Opedal skule ligg vakker til midt i Lofthus i Hardanger. Skulen er ein 1.-7. skule med 110 elevar og 22 tilsett…
    • 3 dager siden
  • 100% stilling som lærar ved Kinsarvik skule

    • Odda, Vestland
    100% fast stilling som lærar på Kinsarvikskule i Ullensvang kommune. Om skulen Kinsarvik skule er ein 1.- 10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 166 elevar, og omlag 40 til…
    • 3 dager siden
  • 100% stilling som lærar ved Jondal skule

    • Odda, Vestland
    Ledig 100% fast stilling som lærar ved Jondal skule, fom snarast Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 133 elevar, og rundt 30 tilsette i alle aldrar.…
    • 3 dager siden