Barne- og ungdomsfagarbeidar

Kinn kommune Se alle jobber

  • Florø, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Havrenes barnehage har 5 avdelingar. Stillinga som fagarbeidar innan barne- og ungdomsfaget er eit engasjement, på ulike avdelingar. Vi søker deg som har formell- og/eller realkompetanse innan barnehageyrket.
Barnehagen har eit stort og variert uteområde, og ligg fantastisk til ved friområdet Nordnes/Havreneståa. Vi har to-pedagogordning og er praksisbarnehage for Høgskulen i Vestland og Flora vidaregåande skule. Satsingsområde er fellesskapande leik og inkludering og leselyst. Barnehagen sin visjon er "Saman er vi gode", som mellom anna vil sei å å ha trygt og godt arbeidsmiljø der personalet torer å by på seg sjølv, gi kvarandre tilbakemeldingar og ein kvardag prega av humor og glede.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:28.04.2026Arbeidsgivar:Kinn kommuneStad:FlorøStillingstittel:Barne- og ungdomsfagarbeidarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:EngasjementStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5108573905Startdato:13.08.2026Sluttdato:15.08.2027Sosial deling :ArbeidsoppgåverVere med og skape eit trygt og inkluderande miljø som fremjer barna sin trivsel og utvikling
Vise omsorg og støtte for kvart enkelt barn i kvardagen
Ta initativ til og delta aktivt i leik og aktivitetar som gir glede og læring
Samarbeid med foreldre for å sikre barnets beste
Medverke til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø i avdeling og i barnehagen, teamarbeid
Delta i det pedagogiske arbeidet og vere med på å utvikle barnehagen sin praksisKvalifikasjonarFagbrev barne og ungdomsarbeidar
Realkompetanse innan arbeid i barnehagePersonlege eigenskaparGode samarbeidsevner
Evne å medverke inn i eit fagleg fellesskap
Fagleg styrke og interesse for å lære meir
Ser verdien av å setje leiken sin eigenverdi i fokus
Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel og løysingsorientertVi tilbyrGodt arbeidsmiljø med andre dyktige fagarbeidarar, assistentar og pedagogar
Løn etter tariff
Kompetanseløn
Pensjon og forsikringar i KLPAdresse: Porsvegen 11, 6905 Florø, NorgeKontaktinformasjonHeidi Grande RøysTenesteleiar Havrenes BarnehageOm arbeidsgivarenVår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Kinn kommune