Helgestilling helsefagarbeidar\assistent \sjukepleiarstudent

Bokn kommune

  • Bokn, Rogaland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Er du helsefagarbeidar\sjukepleiarstudent\vernepleiarstudent eller helsefagelev og ønskjer å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt, trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan Bokn sjukestove vera staden for deg! Arbeidsdagane er varierte då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.Me har no ledig 4 vikariat på helg med gjennomsnittleg stillingsprosent på 22 % per stilling, noko som tilsvarar 13,5 timars vakter kvar 4. helg. Det er mogleg å søkje på meir enn ei helg slik at ein får høgare stillingsprosent i perioden.Me ønskjer i hovudsak deg som har helsefagleg utdanning, men andre med relevant erfaring og\eller under helsefagleg utdanning vert også vurderte og oppmodast til å søkje.Stillingane er ledig frå snarast og til 31.08.2026Om arbeidsstadenPleie og omsorg består av Sjukestova, heimetenesta og Bu- og aktivitet. Omsorgsbustadane ligg i flukt med sjukestova.Det er 16 sengeplassar ved sjukestova og 12 omsorgsbustadar.Avdelingane er lokalisert på Boknatun.Arbeidsoppgåver i stillinga
  • Ordinære helsefagarbeidaroppgåver
  • Utlevering av medisiner (må då ha medikamentkurs)
  • Stell og pleie
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Veiledning til pasientar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Tillitsskapande miljøarbeid
  • Ha fokus på bruk av velferdsteknologi
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kompetansekrav
  • Offentleg godkjent helsefagarbeidar
  • Andre med interesse for å utdanne seg som helsefagarbeidar kan også søkje
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Evne til å motivere og engasjere
  • Initiativrik og fleksibel
  • God samhandlingskompetanse
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Trivast med å arbeide med mennesker
  • Godt humør og løysningsorientert
  • Handtere travle arbeidskvardagar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsgjevar tilbyr
  • Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
  • Innmelding i pensjonskasse
  • Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
  • Ein spanande arbeidsplass med moglegheit for fagleg utvikling
Kvar skal du sende søknaden?Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Bokn kommune

Lignende stillinger

  • Sushikokk / Kjøkkenassistent søkes

    BENTO SUSHI KOPERVIK AS

    • Kopervik, Rogaland
    Hva vi ser etter Sushi kokk/ kjøkkenassistent søkes til Restaurant Bento Sushi. Du er over 18 år, har erfaring, er positiv, snakker Norsk og takler høyt tempo. Send CV og søknad …
    • 1 dag siden
  • Barnehageassistent

    Manpower

    • Karmøy, Rogaland
    Når vi snakker om viktige jobber, tenker ikke alle på barnehageansatte. Samfunnet er raskt ute med å løfte fram leger, lærere og andre samfunnsbærere. Men du - som jobber med våre …
    • 6 dager siden