Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal (vikariat)

Møre og Romsdal fylkeskommune Se alle jobber

  • Surnadal, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Om stillingaVil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i vakre Surnadal på Nordmøre? Vi søker tannpleiar i eitt års vikariat fra 1.8.2026. Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - StartsidaNøkkelinformasjonSøknadsfrist:04.05.2026Arbeidsgivar:Møre og Romsdal fylkeskommuneStad:Surnadal Municipality,Stillingstittel:Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal (vikariat)Stillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5104412882Sosial deling :ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver.Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som tannpleiar.
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
  • Blir motivert av å jobbe for og med menneske.
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig.
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
  • Ein god jobb der du kan utvikle deg
  • Lønn etter tariffavtale
  • Oppdatert og fin tannklinikk
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø
  • Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
  • Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattestAdresse: Distriktstannklinikken Surnadal, Surnadal Municipality, NorgeKontaktinformasjonSara RutleyOvertannlege Kristiansund kompetanseregionTone NordFylkestannlegeOm arbeidsgivarenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
  • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
  • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!

Møre og Romsdal fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Ledige vikariat/fast stilling ved Tingvoll kulturskole

    TINGVOLL KULTURSKOLE

    • Tingvoll, Møre og Romsdal
    Er du vår nye medarbeider? Økokommunen Tingvoll arbeider for å være en attraktiv arbeidsgiver med stolte og engasjerte medarbeidere som skaper gode resultater til det beste for v…
    • 3 dager siden
  • Vi søker barnehagelærer

    BARDSHAUGEN BARNEHAGE AS

    • Surnadal, Møre og Romsdal
    Vi søker barnehagelærer i 100% stilling i vikariat fra 15.08.26. -- 14.08.27. Bårdshaugen Barnehage AS er en veldrevet privat foreldreeigd barnehage i sentrum av Surnadal. Barn…
    • 2 dager siden